Vårarrangement på biblioteket

Vårarrangement på biblioteket

Aktuelt   

Det er mange planlagte arrangement ved hovudbiblioteket framover våren.

For barn i alderen 3-7 år vert det tre nye Bok & Bolle-arrangement. Oppstart vert laurdag 28. januar kl. 12.00. Etter det vert det nye arrangement laurdagane 4.mars og 22. april.

Biblioteket arrangerer og forteljarstund for barn i alderen 4-6 år. Her vert det oppstart onsdag 8. februar kl. 10.00 . Seinare vert det forteljarstund tre gonger framover våren. Etter forteljarstunda vert det høve til lån.

Internasjonal kulturklubb startar med ein ny runde språkkafe onsdag 18. januar kl. 13.30. Språkkafeen er for personar med utanlandsk bakgrunn som ynskjer norsk språktrening. Det vert 8 slike arrangement onsdagar framover våren.

Helse Fonna vil ha eit ope arrangement om engstelege barn torsdag 9.3.

Stord kyrkjeakademi skal ha to arrangement i biblioteket i vår. Torsdag 23.2 er det Martin Luther og reformasjonen sett frå katolsk perspektiv som er tema. Bror Haavar Simon kjem då til Stord. Den kjende forfattaren Kjartan Fløgstad er gjest i eit arrangement onsdag 29.3.