Førebuing til meirope bibliotek

Førebuing til meirope bibliotek

Aktuelt   

Stord folkebibliotek vil frå slutten av november gi tilbod om meirope bibliotek. Hovudbiblioteket i Kulturhuset vil då vere  ope også når det ikkje er personale til stades.

Ordninga vil gjelde personar over 18 år og  for personar over 15 år med underskrift frå føresette.  Lånar må ha lånekort og pinkode for å kunne gjere bruk av denne sjølvbetente ordninga. Lånarar må også skrive under på ein kontrakt for å kunne nytte meirope bibliotek.

Kontrakt kan underskrivast i hovudbiblioteket eller i Litlabø filial i Samfunnshuset.

Hovudbiblioteket vil bli ope både før og etter vanleg betent opningstid. Ordninga vil også gjelde søndagar. Biblioteket vil gjere meiropningstida kjent nærare datoen for iverksetjing.