Stord folkebibliotek blir Meirope

Stord folkebibliotek blir Meirope

Aktuelt   

Dette er ein komplett løysing med kontroll over kven som kjem inn/ut, videoovervaking

og tidsstyrte talemeldingar over eit høgtalaranlegg.

 

Det er godt utvikla kameraløysing, som gjer biblioteka gode

høve til å sjå kven som har vore tilstade, om det er naudsynt.

 

Etter å ha skanna lånekort og tasta gyldig PIN-kode, går døra

opp, og det blir lagra biletsekvensar av alle som slipp inn,

saman med namn og tidspunkt når dei kjem inn. Då veit ein kven

som er i biblioteket!

 

Når ein alarm blir utløyst i alarmportalen, blir det lagra eksemplarinformasjon,

tidspunkt, og ein biletsekvens av hendinga. Lysene i

alarmportalen visast tydeleg på bileta, slik at ein lett kan sjå kven

som utløyser alarmen, og kan kjenne att personen frå bileta når dei kjem inn.

 

Talemeldingane gjer tydeleg instrukser til lånarane over høgtalaranlegget

i samband med at biblioteket går frå betent til ubetent drift, og når biblioteket stengjer for kvelda. Me har valt å senda instruksane både på norsk og engelsk.

 

Generell videoovervaking med høgoppløyste kamera gjer at

brukarane av løysinga kan føle seg trygge og skulle noko uønskt

skje, så vil det kunne visast på gode og skarpe biletar.

 

Sida biblioteket ligg i kulturhuset, har ein valt å følgje

Kulturhuset sine åpningstider som ramme for den utvida,

ubetente, åpningstida.

(omsett til nynorsk frå infobrev bibsyst 4/2017, http://www.bibsyst.no/info/InfoBrev/Bibliofil_4-2017.pdf )