Røyndomen er fantastisk - les sakprosa!

Røyndomen er fantastisk – les sakprosa!

Aktuelt   

Her på Stord folkebibliotek har me laga til ei utstilling med nokre av Noregs beste sakprosa 1945 – 2017. Her finn du dei beste bøkene som var kåra som vinnarar innan biografi, mat, krigshistorie, reiseskildringar, populærvitskap, lærebøker, kultur, essay, debatt og samfunn, samt sakprosa for barn og unge.

Sommaren 2017 gjennomførde NRK P2 radioserien Faktasjekken – jakten på Norges beste sakprosa, i samarbeid med Norges faglitterær forfatter og- og oversetterforening (NFF).  Dei ville undersøkja kva for sakprosabøker som har forma Noreg og nordmenn etter 2. verdskrig. Utvalde ekspertar i 10 ulike panel i 10 kategoriar sette opp til saman 250 bøkar, og desse vart røysta over.

 

Her er nokre av dei beste bøkene innan sakprosa:

Thor Heyerdahl: Kon-Tiki ekspedisjonen

Ingrid Espelid Hovig: Den rutete kokeboken

Jostein Gaarder: Sofies verden

Knut Hamsun: På gjengrodde stier

Jens Bjørneboe: Norge, mitt Norge

Agnes Ravatn: Stillstand

Johs Andenæs: Det vanskelige oppgjøret

Trygve Bratteli: Fange i natt og tåke

Erik Damman: Fremtiden i våre hender

Thorbjørn Egner: Thorbjørn Egners lesebøker

Ottar Brox: Hva skjer i Nord –Norge?

Erna Osland: Dyrbare venner