Godt besøk på meirope

Godt besøk på meirope

Aktuelt   

Stord folkebibliotek har hatt godt med besøk på meirope i biblioteket.

Kjekt at lesarane har oppdaga tilbodet kor du kan gå inn i biblioteket utanom betent opningstid.. Desse tala seier berre kor mange som har logga seg inn med kortet. Det er sannsynleg at ein del hadde med seg nokon i tillegg.

 

Me håpar at fleire vil opne auga for dette unike tilbodet. Det er særskilt om sundagen, når ein gjerne har tid til å henta seg ei bok og få lest litt.

 

Lånar må vere over 18 år  for å kunne skrive under kontrakt om meirope

(eventuelt over 15 år med underskrift frå føresette.)

Du må ha lånekort og pin-kode som du får på biblioteket.

 

Her kan de sjå besøksstatistikken:

Måned Antall
Januar 117
Februar 93
Mars 111
April 103
Mai (t.o.m.15/5) 78