Sommarles.no ein hit også i år!

Sommarles.no ein hit også i år!

Aktuelt   

Det er stor interesse for sommarles.no – den digitale lesekampanjen her på Stord folkebibliotek.

Til no har 670 barn på Stord lese over 350.000 sider og 3500 bøker. Det er stor etterspørsel etter premier, lånekort og gode lånetal på barnebøker.

-Sommarles er positivt for folkebiblioteket på fleire  måtar. Mange barn oppsøker biblioteket åleine eller saman med foreldra. Dei hentar premiar, får lånekort og låner bøker til lesekampanjen. Ikkje minst ser vi mange fleire fedre innom biblioteket no enn vi elles ville ha gjort. Sommarles er ein liten genistrek som har medført auka aktivitet i ein periode som elles er prega av redusert aktivitet, seier biblioteksjef Bjørnar Withbro.

På sommarles.no kan barn frå 1.- 7. klasse registrere bøkene dei les, samle poeng, prøve eit nytt spel, hente kodeord på biblioteket og vinna premiar og få lesetips. Her er også sommarlesforteljing og oppgåver kan løysast.

På biblioteket er Malene Ruhs Langåker for å henta  andrepremien sin.

-Kva er det som er så bra med sommerles?

– Alt er kult! Eg får premie fordi eg les, og eg kan spela spel, seier Malene Ruhs Langåker (10 år). Det er valets kval, skal ho ta ein buff, magnetisk bokmerke eller armband. Ho vel til slutt magnetisk bokmerke. Neste gong vil ho ha buff. Og for å nå det målet er det heim for å lesa vidare på serien Kattekrigerne.

 

-Dette er ein kampanje som skal gje barna lyst til å lesa og særskild har dei prøvd å få med seg gutane. Opplegget er kopiert frå spelverda som mange gutar er godt kjend med. Det snakkast om «levels» og «poeng», seier prosjektleiar Kristine Thorkildsen ved Stord folkebibliotek.

 

Til no har Stord lese

  • 351 443 sider
  • 3 596 bøker
  • 670 barn er med på kampanjen (38.4% av barna i Stord kommune)

 

-Me håpar sjølvsagt på å slå rekorden frå i fjor med over 41% deltaking. Så bli med, bli med!, oppmodar Thorkildsen.