sommarles.no

Bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje!

 

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7 .klasse vere med på Sommarles 2018 saman med barn frå nesten 200 andre kommunar i landet –frå Vestfold, Østfold, Hedmark, Akershus, Finnmark, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Buskerud, Rogaland, Hordaland og Telemark.

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og fremst med deg sjølv. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan du lese både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gjev poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket.

 

Sommarles er først og fremst nettbasert, det vil seie at du registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følgje med på kva vennane dine les på nettsida sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspanande fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve. Sjekk ut sommarles.no for meir info.

 

Til foreldre/føresette

Sommarles er ein lesekampanje laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy å vere med på Sommarles. I tillegg får barna som les jamleg i løpet av sommaren halde i hevd lesekunnskapane sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan nokon ekstra motivasjon, men vi veit også at dei barna som ikkje gjer det, startar opp med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart neste år. Vi håpar at du vil hjelpe oss med å motivere barnet ditt til å vere med på Sommarles.

 

Sommarles er ein flott lesekampanje uansett kor de skal feriere i sommar, ta turen innom sommarles.no for meir informasjon!