Om oss

Stord folkebibliotek har eit hovudbibliotek i kulturhuset, og ein filial i samfunnshuset. Stord og Fitjar folkebibliotek har eit nært samarbeid.

Hovudbiblioteket
Me disponerer 720 kvadratmeter i Kulturhuset, og i bygget elles er det mellom anna symjehall og kino.

Biblioteket er inndelt i seksjonar for barn, ungdom og vaksne, lokalhistorisk samling, studieceller, leseplassar for aviser og tidsskrift- og musikkseksjon.

I vaksenavdelinga finn du m.a. skjønnlitteratur og faglitteratur for vaksne, ungdomsbøker, aviser og tidsskrift, lydbøker, film og musikk. Dessutan har biblioteket her to spesialsamlingar; ei sjøfartssamling og ei lokalhistorisk samling.

I barneavdelinga finn du m.a. biletbøker og skjønn- og faglitteratur for barn opp til 14 år. Dessutan er det òg lydbøker og film for barn i avdelinga.

Hovedbiblioteket fekk hausten 2014 to automatar som kan nyttast både til utlån og innlevering av media. Lånekort er naudsynt å nytta ved utlån på automatane.

I biblioteket kan du låna PC til bruk for tekstbehandling, Internett og du kan også kobla deg til vårt trådlause nettverk.

Me tilbyr også PressReader. Det er digitale avisar/magasin. Då må du ta turen innom biblioteket med mobilen/nettbrettet og laste ned avis/magasin til din eining. Dette varar i 72 timar frå nedlasting er gjort.

 

Litlabø filial
Litlabø filial disponerer 100 kvadratmeter i Samfunnshuset, og er eit tilbod til deg som bur på Litlabø eller i Sagvåg. Filialen er open tysdagar og fredagar.

 

Biblioteka samarbeider

Hos oss kan du låna bøker, film, musikk og lydbøker. Det du låner kan du og levera inn ved andre bibliotek. Har me ikkje det du spør etter, låner me inn frå eit anna bibliotek. Me har tett samarbeid med Fitjar folkebibliotek der me kan tinge bøker hjå hverandre lokalt. Kvar torsdag får me inn bøker som er tinga for lånarane våre.