Litlabø filial

Me ynskjer velkommen til biblioteket på Litlabø.

Bibliotekfilialen i Samfunnshuset er eit tilbod til deg som bur på Litlabø eller i Sagvåg. Filialen er open tysdagar og fredagar. Sjå opningstidene nedanfor.

Ved filialen er det skjønn- og faglitteratur for barn og vaksne, og mindre depot av lydbøker og film.

Ver merksam på at det er transportordning mellom hovudbiblioteket i Kulturhuset og filialen. Du kan derfor reservera og låna media frå heile Stord folkebibliotek si samling gjennom filialen. Bøker som er lånte ved hovudbibliotek og filial kan leverast i den bibliotekavdelinga som høver best.

Folkeboksamlinga på Litlabø tok til alt i 1935, og heitte då Lillebø Grubers folkeboksamling. Det var A/S Stordø kisgruber som sto bak skipinga. Samlinga vart kommunal i 1953, og i 1955 fekk ho rom i Samfunnshuset.

Opningstider Litlabø filial:
Tysdag 15.30 - 18.00
Fredag 15.00 - 18.00

Tlf.nr. til Litlabø filial: 53 40 97 20