Bok & Bolle, 4/11, kl. 12.00 og 12.45: Anna Fiske

Bok & Bolle, 4/11, kl. 12.00 og 12.45: Anna Fiske

Arrangement

Anna Fiske les for barna. Ho er forfattar og illustratør

Dato / tid
04.11.2017, 12:00 - 12:30


Laurdag 4. november kl. 12.00 og 12.45 vert det eit heidundrande Bok & bolle arrangement på hovudbiblioteket i Kulturhuset! Og i samarbeid med Falturiltu barnebokfestival  denne gongen. Vi får nemleg  besøk av forfattaren og illustratøren Anna Fiske.

Hennar bøker er mykje utlånt på biblioteka. Anna Fiske  har sin særeigne strek. Ho har utgitt om lag tjue bøker, og står som forfattar av biletbøker, teikneseriar og faktabøker. Ho har bl.a. skrive  dei populære Hallo-bøkene : Hallo havet, Hallo byen , Hallo skogen og Hallo planeten. Skulebibliotekarane tildelte  henne sin litteraturpris i 2016.

Bok & bolle vert det ikkje ikkje utan bollar. Dei ansvarlege for dette på biblioteket gir løfte om bollar også denne gongen.  Og så vert det høve til lån , sjølvsagt.

Bok & Bolle er eit arrangement med høgtlesing og bokpresentasjon for barn i alderen 3-7 år. Og eit fint høve for foreldre til å ta med barn på biblioteket!