Comalapakveld

Comalapakveld

Arrangement

Dato / tid
19.09.2017, 19:00 - 21:00


Venskap Stord-Comlapa, saman med Stord Folkebibliotek, inviterer til Comalapakveld den 19. september i Stord Folkebibliotek, klokka 19:00. Vi får til denne kvelden besøk av Kristina Rødahl, landansvarleg for Guatemala i Kirkens Nødhjelp, som skal snakke om det demokratisk rom for sivilt samfunn. Det vil rettast fokus på forholda for demokrati, ytringsfridom og bistand i Guatemala, og særskilt korleis dette påverkar kommunalt venskapsarbeid. Organisasjonen Amnesty, mellom andre, har peika på utfordringar frivillige og humanitære organisasjonar har i Guatemala, i sin årlege rapport om landet.

Det vil være enkel traktering under kvelden, og me vil ha kulturelt innslag frå elevar ved Musikklina, Stord VGS.

Møtet passar for alle, og særleg deg som har interesse for Latinamerika, verdssamfunnet, demokrati og sivile rettar, og venskapsarbeidet. Me vonar å sjå deg der.