Dei kristne i Midtausten

Dei kristne i Midtausten

Arrangement

Forfattar og journalist Lars Akerhaug

Dato / tid
18.10.2017, 18:00 - 20:00


«Siste jul i Kairo» – ei forteljing om dei kristne i Midtausten (2016)

I Midtausten er minaretane alltid høgare enn kyrkjetårna. Mange stader har klokkene slutta å ringja på sundagane. Lars Akerhaug har ved reiser i Egypt, Irak og Libanon møtt kristne som vert forfylgde på grunn av trua si. Dei vert fordrivne og drepne av radikale islamistgrupper. Men også av gamle naboar og av styresmaktene som skulle verna dei. Om dette har Lars Akerhaug skrive boka «Siste jul i Kairo», historia om korleis urkyrkjene i Midtøsten er i ferd med å bli borte, og korleis kristne systematisk vert forfylgde i desse landa.

Dette er ein røyndom som sjeldan vert omtalt i norsk eller vestleg presse. Denne kjem gjerne i skuggen av dei mange og store andre konfliktane i regionen: Israel/palestinakonflikten, borgarkrigane i Syria og Irak, splittinga og konfliktane mellom shia- og sunnimuslimar, berre for å nemna nokre av dei største. Dei kristne i dei vestlege landa har, med nokre heiderlege unntak, heller ikkje vist så stor interesse for dei forfylgde kristne i Midt-Austen. Akerhaug gjev i boka si ein historisk bakgrunnen for situasjonen frå middelalderen og fram til i dag, og illustrerer problema med intervju med personar som lever i dag.

Lars Akerhaug har i mange år interessert seg for Midt-Austen, han kjenner regionen og talar arabisk.

Han er journalist og forfattar, med bakgrunn frå fleire av dei store Oslo-avisene. Han har gjeve ut fleire bøker, og er i dag frilansskribent og journalist i Minerva. Politisk har han bakgrunn frå ytre venstre, men har i dei seinare åra meir orientert seg meir mot det moderate høgre.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi, Stord folkebibliotek og Øyo-biblioteket

Medarr.: Kyrkjekakdemiet og Øyobiblioteket

Inngongspengar: 100 kroner