DIGG på menyen

DIGG på menyen

Arrangement

Dato / tid
05.10.2017, 19:00 - 20:00


Kom å høyr på Anders Totland når han fortel om kokeboka «DIGG». Du blir kanskje inspirert til å prøva ut nye rettar eller starta med å laga din eiga kjøkenhage.

Bill.: 50,-

Forlaget Skald si kommentar om boka:
Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega Marius Knutsen deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.
I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.

Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet.

Ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.

Følg Anders og Marius:
På bloggen: http://diggkokebok.wordpress.com/contact/
På Instagram: http://www.instagram.com/diggkokebok/