«Fritenkjeri i Noreg – ei anna historie?»

«Fritenkjeri i Noreg – ei anna historie?»

Arrangement

v/professor Arne Bugge Amundsen

Dato / tid
10.04.2018, 19:00 - 20:30


Stord kyrkjeakademi arrangør. Arrangementet i biblioteket.

Om professor Arne Bugge Amundsen:

Professor Arne Bugge Amundsen, Universitetet i Oslo:

Noreg har dei siste tiåra endra seg frå ein relativt einskapleg religiøs og ideologisk kultur til å bli ein kamparena mellom nasjonale og globale, multikulturelle tradisjonar. Men dersom ein ser den norske historien i perspektiv av religiøs og ideologisk opposisjon, vert biletet av fortida nokon annleis. Noreg har kanskje ikkje vore så eintydig og einskapleg som vi har trudd? Det har heile tiden vore ein indre opposisjon – ein opposisjon som truleg har med den kristne kulturens dynamikk å gjera. Å bruka dagsens multikulturelle ideologi for å forklara fortida, gjev lita meining.

Bugge Amundsen vil denne kvelden reflektera rundt denne dynamikken, og visa konkrete historiske døme på korleis denne opposisjonen har skapt historisk endring.

Arne Bugge Amundsen er professor ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved Universitetet i Oslo. Han har m.a. fått pris for framifrå forskning frå Kungliga Gustav Adolfs Akademien, Uppsala.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og enkel servering.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte