Jordboka - Temamøte om den nye grøne revolusjonen

Jordboka – Temamøte om den nye grøne revolusjonen

Arrangement

Dag Jørund Lønning vil snakka om si siste bok.

Dato / tid
14.11.2017, 19:00 - 21:00


Biblioteket, Stord Kulturhus tysdag 14.11 kl 19.00
Inngong: kr 100.-
Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).
Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.
Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».
Medarrangørar:
Stord-Fitjar Landbruk og Miljøkontor, Andelslandbruket på Lønning, Slowfood Sunnhordland, Matfatet Sunnhordland, bondelag, småbrukarlag, Jordvernlag, Bygdekvinnelag med fleire.
Korleis kan landbruket kan gå frå å vera miljø-versting til å bli den viktigaste løysinga i kampen mot klimaendringane?
Korleis har det seg at den mest produktive molda i verda effektivt har blitt øydelagd?
Visste du at me står framfor ein ny grøn revolusjon, som kan endra matproduksjonen og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid?
Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati.
Nøkkelen finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg.
Nøkkelen er mold!