Lesefest med Klovnen Knut

Lesefest med Klovnen Knut

Arrangement

Dato / tid
08.09.2017, 19:00 - 19:45


Me feirar at sommarles er slutt og alle dei som har vore så flink å lesa heile sommaren. Det er berre til å trena opp lattarmusklane fordi her kan det bli mykje løye.

Førestillinga handlar om Klovnen Knut og den nesten levande sjimpansen Tom Tuba som skal lesa frå den største dyreboka i Noreg.

Tom Tuba held kontakt via telefon, noko som utløysar merkelege, magiske og musikalske innslag. Her er det mykje tull & tøys når han for kvar telefon kjem nærmare og nærmare.

Velkomen alle sommarles-deltakarar!