Oselvar - den levande båten med ein Stordvri.

Oselvar – den levande båten med ein Stordvri.

Arrangement

Kåseri med Kjell Magnus Økland

Dato / tid
07.09.2017, 19:00 - 20:00


Stad: Stord Maritime Museum

Tid: Torsdag 7. september, kl. 19.00

Bill. 100,-

Oselvar er ein klinkbygd, tradisjonell trebåttype frå Hordaland. Båttypen har vakse fram etter ei utvikling som strekkjer seg over fleire tusen år. Oselvaren har tradisjonelt vore nytta som bruksbåt og til kapproing og kappsegling sidan 1800-talet.

Kjell Magnus Økland er dagleg leiar for Kystsogevekene. Han gav i 2016 ut boka Oselvar – den levande båten og var den som skreiv nominasjonsframlegget som førte til at bygging og bruk av Oselvaren vart ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar. Sjå meir info på www.oselvarbok.no

Arrangørar:
Venelaget for Stord maritime museum og Stord folkebibliotek

Kystsogevekene program