Reformasjonenes billedunivers

Reformasjonenes billedunivers

Arrangement

v/Kirsten Stabel

Dato / tid
21.03.2018, 19:00 - 20:30


Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek

I forkant av dette møtet, kl. 18.30, vert det årsmøte i Stord kyrkjeakademi

Kunsthistorikar Kirsten Stabel, NTNU: 

«Reformasjonens biletunivers – og med eit skråblikk på den tids religionssatire»

 

Mange har høyrt om reformasjonens «biletstorming», men kva skjedde eigentleg med middelalderkunsten etter reformasjonen? Og kva var Luthers biletsyn. Vart helgenbileta og altertavlene verkeleg brende og øydelagde?

I dette lysbiletforedraget tek Kirsten Stabel oss med inn i reformasjonens biletunivers.

 

Og ikkje nok med det: Opptakten til reformasjonen var prega av propaganda og skarp satire, som endåtil kan få eit moderne menneske til å raudna. Her vert motparten demonisert og audmjuka på det grovaste. Stabel vil også gje oss smakebitar av denne nokså obskure verda.

Kirsten Stabel er kunsthistorikar, og arbeider til dagleg ved NTNU Vitenskapsmuséet i Trondheim. Hovudinteressefeltet hennar er kyrkjekunst

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og enkel servering.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte