Shetlandsgjengen

Shetlandsgjengen

Arrangement

Heltane i Nordsjøen

Dato / tid
15.02.2018, 19:00 - 21:00


Asgeir Ueland presenterer boka si på Sunnhordland museum:

Shetlandsgjengen. Heltene i Nordsjøen.

  • Innlegg 45 min.
  • Pause
  • Spørsmål/dialog med publikum

Tid. 15.2.18, kl. 19.00

Stad: Sunnhordland museum

Bill.: 50 (kontant/VIPPS)/enkel traktering

Arr.: Sunnhordland museum/Stord folkebibliotek

 

Asgeir Ueland

Asgeir Ueland er sakprosaforfattar og frilandsjournalist. Utdanna i historie og Midtøstenkunnskap. Bur i ein landsby i Øvre Galilea. Er i hovudsak opptatt av geopolitikk og Midtøsten, men har tatt seg tid til å skriva boka om Shetlandsgjengen.

 

Sagt av forlaget:

Shetlandsgjengen. Heltene i Nordsjøen

Krigsheltane i Shetlandsgjengen får sin velfortente historie.

Våren 1940: Etter det norske nederlaget, trekkjer dei siste britiske soldatane seg ut frå Åndalsnes. Britane er på desperat jakt etter ein måte å infiltrere Norskekysten på. Løysinga blir å bruke norske fiskarar til jobben – under namnet Norwegian Naval Independent Unit, betre kjend som Shetlandsgjengen.

Gjennom fleire vintrar reiste norske skøyter fram og tilbake over ugjestmilde Nordsjøen. Me følgjer legendariske skipparar som Leif Larsen og ukjente heltar som Grotle-brørne gjennom stormar, infiltrasjonsforsøk, forlis og død.

Dette er fyrste gong heile historia om Shetlandsgjengen vert fortalt– frå det politiske spelet til planlegginga, orkanar i Nordsjøen, triumfar og tilbakeslag. Men aller mest er det ei forteljing om korleis vanlege nordmenn viste ekte heltemot då det gjaldt som mest.