Tilbod

Verdiar i Stord kommune sin Kultur- og verdiplakat er sentrale for biblioteket si verksemd. Biblioteket ynskjer å vera brukarorientert, kompetent og nyskapande.

Biblioteket vil handsama alle brukarar venleg og med respekt, og me vil freista å vera resultat- og løysingsorienterte. Me vil utnytta biblioteket sine ressursar og bibliotekpersonalet sin kompetanse best mogleg. Målsetjinga vil vera å gi så god service som råd.

Me ynskjer:
Syta for mangfald og allsidig tilvekst i mediesamlinga innan gitt budsjettramme.
Vurdera forslag til innkjøp av media, og andre forslag som gjeld biblioteket sine tenester.

 

Bibliotektenestene gjeld

  • Gratis lån av ulike typar media og innlån frå andre bibliotek.
  • Hjelp til å finna opplysningar og informasjon
  • Heimeside
  • Bibliotekorientering for skuleklassar/grupper

 

Du kan bruka på biblioteket:

  • PC til Internett og teksthandsaming
  • Oppslagsverk
  • Aviser og tidsskrift
  • Lese- og grupperom

 

Du kan låna heim:

  • Bøker
  • E-bøker: http://ebokbib.no/
  • Film
  • Filmbib: https://filmbib.vod2u.com/login
  • Lydbøker
  • Musikk
  • Språkkurs
  • Tidsskrift
  • Avis/magasin på nett: PressReader: http://blog.pressreader.com/businessblog/use-pressreader//

 

Arrangement:

  • Forteljarstund
  • BOK & BOLLE
  • Snurr film i biblioteket
  • Arrangement kor det blir formidla bøker om forskjellige emner.

 

Andre tilbod:

  • Lokalhistorisk samling
  • Maritim samling
  • Kopiering
  • Sjølvbetjent utlånsautomat for bøker og lydbøker
  • Varsel om reserverte media på sms

 

Når du no reserverer utlånte media på biblioteket kan du samstundes be om at det vert registrert at du ynskjer slike meldingar på SMS. Biblioteket sender ut reserveringsmeldingar på e-post og vanleg brev, men ei sms-varsling fører til at du får raskare melding om det du ventar på.

Stord folkebibliotek, februar 2016