Bruk mobilen som lånekort

Det er lurt å ha lånekortet på mobilen,- så har du det allltid med deg. Last først ned app’en Bibliofil til telefonen din frå App Store eller Google Play.
Logg deg på med lånenr ditt (som du finn på lånekortet) eller e-postadressa di. Skriv inn pinkode. Har du ikkje pinkode kan du få ein i biblioteket.
Nederst finn du og ein knapp som heiter Mitt lånekort. Her kjem kortet opp med strekkode som du enkelt kan scanne i utlånsautomaten. Smart! I appen har du også full tilgang til søking, reservering og dine sider (MappaMi) hos biblioteket.
Appen gir tilgong til alle bibliotek som brukar biblioteksystemet Bibliofil.