Familie-Mappa

Hald orden på heile familien sine lån med Familie-Mappa.

Slik gjer du:

Gje andre tilgong til å sjå mine lån og reserveringar – Familiemappa.

Alle må ha registrert e-post-adresse og fått tilsendt pinkode for å ta i bruk MappaMi. Foreldra kan registrera si e-post-adresse på barn under 15 år og få tilsendt pinkode til barnet si mappe. Dette må gjerast av personalet fordi me ikkje gjer tilgong til automatisk registrering via web av e-post-adresser for barn under 15 år. Når det gjeld personar over 15 år kan dei registrera e-post-adresse og tinga pinkode sjølv via nettsidene våre.

Hovedprinsippet: Den som eig Mappa gir andre løyve til å sjå i og bruke tenestane i MappaMi. Det blir sendt ei e-post frå den som eig Mappa til den som skal få tilgong. Den som skal få tilgong må sei ja eller nei. Kan slåast av og på når de treng det. Når det gjeld foreldre og barn kan dette vere veldig tungvint fordi det i praksis blir å sende e-post til seg sjølv og deretter godkjenne.

Den som eig Mappa: Logg inn i MappaMi med lånenummer og pinkode.Velg fanekort Låner, overskrift Gje andre tilgong til å sjå mine lån og reserveringer. Skriv inn lånenummer eller e-post-adresse til den som skal få tilgong i feltet Gje tillating til: Send tillating. Den som får tillatelse mottar nå ein epost.

Den som får løyve: Mottar e-post med tekst: NN har sendt deg tillatelse til å se hva hun har lånt eller reservert.Før du får se dette, må det aktiveres i MappaMi: Gå til fanekortet som heter «Låner». Nederst på den sida vil du finne ei liste med mottatte tillatelser, hvor du kan trykke på «Slå på» for å aktivere: «Du kan bruke følgende lenke for å aktiverehttp://www.tysver.folkebibl.no/cgi-bin/mappami?jumpmode=bruktillatelse&bruk=1&nr=0000″.

Logg inn i MappaMi med lånenummer og pinkode.Ved innlogging i MappaMi kjem følgjande tekst opp: Noen har gitt deg lov til å se hva de har lånt. Du har fått lov til å se hva NN har lånt.Gå til fanekortet «Låner» for å slå av eller på visningen. Aktiver tillatelsen nederst på siden under Lånere jeg har tillatelse til å se.

I MappaMi vil du no få ei samla oversikt over lån til alle du har fått tillatelse til å sjå. NB! Gjeld ikkje reserveringar.