Føyen-samlinga

Dette er ei større testamentarisk bokgåve av eldre dato. Samlinga inneheld vesentleg eit stort utval av norsk skjønnlitteratur frå før andre verdskrigen, i tillegg til ein del omsett litteratur.

Stord kommune fekk i si tid boksamlinga til ekteparet Jean og Una Føyen. Jean Føyen var født på Stord, og var i mellomkrigstida kjend m.a. som ein fin novellist.