Lånekort og utlånsreglar

Utlånsreglar for Stord folkebibliotek og Fitjar folkebibliotek

1. Lånerett
Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved biblioteka.

 

2. Lånekort
Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Lånarar under 15 år må ha kausjon frå føresette for å få lånekort. Det er den føresette som er ansvarleg for låna. Du kan også finna skjema for lånekort her.

Biblioteka krev legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Er du over 15 år kan du få lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek.

Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon, som epostadresse og telefonnummer.

Ved tap av lånekort må lånaren betala eit gebyr på kr. 10,- for å få nytt lånekort. Lånaren er ansvarleg for alle lån på eige lånekort.

 

3. Lånetid og innlevering

Bøker og lydbøker: 4 veker

Tidsskrift: 2 veker

Språkkurs: 6 veker

Film: 1 veke

Dataspel: 2 veker

Musikk-cd: 2 veker

Det er høve til å fornya lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reservert av andre. Språkkurs kan fornyast 1 gong. Lånte media kan leverast ved begge biblioteka.

 

4. Reservering
Lånaren kan reservera utlånte media, og biblioteka gjev melding når desse kan hentast. Hentefrist er 10 dagar.
Biblioteka låner gratis inn media frå andre bibliotek.

 

5. Varsel/Purringar
Biblioteka sender ut innkallingar på media som ikkje er levert til rett tid.
For vaksne er purregebyr ved 1. gongs purring kr. 35,- og kr. 70 ved 2.gongs purring. Barn betaler ikkje purregebyr ved 1. gongs purring. Ved 2. gongs purring er beløpet kr. 20,-.

Lånaren må betala vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteka si verdsetjing.

 

6. Film
Utlån av film følgjer gjeldande aldersgrense sett av Medietilsynet.