Mine lån

MappaMi gjev deg oversikt over eigne lån og reserveringar. Frå biblioteket sitt søkjebilete kan du klikka på menyvalget «MappaMi» eller bruka «MappaMi»-symbolet som visar annan stad på sida.

Logg deg inn med ditt lokale lånekortnummer eller med ditt nasjonale lånekortnummer. Nasjonalt lånekort får du på biblioteket.

Du får oversikt over låna og reserveringane dine med menyvalget «Lån». Her kan du fornya lån og sletta reserveringar.

Først får du fram lån og reserveringar i ditt heimebibliotek, deretter lån og reserveringar ved andre bibliotek du brukar.

For å forlengja lån; klikk anten på «Forleng lånet» ytterst til høgre på linje for aktuell tittel, eller klikk på «Forleng alle lån» øverst til høgre i biletet.