Maritim samling

Stord folkebibliotek har ei spesialsamling innan maritime emne. Denne er bygd opp på grunnlag av midlar i ei større testamentarisk pengegåve til biblioteket frå ekteparet Lars og Alvilde Skarpnes. Samlinga femnar om maritime emne i vid tyding av ordet, og både populære og vitskaplege bøker inngår.

I den maritime samlinga er m.a. bøker om sjøfartshistorie, oppdagingsreiser, fartøytypar og sjømannsliv, skipsbygging og navigasjonsteknikk m.v.

Bøkene i samlinga er til vanleg utlån.

Bergen sjøfartsmuseum