Tilbod til barnehagar og skular

Biblioteket gjev tilbod om utlån for kortare eller lengre tid til skular og barnehagar. For barnehagar kan det t.d. vera aktuelt å låna depot av biletbøker og bøker til høgtlesing. For skulane kan det vera aktuelt å låna bøker i samband med lesestimuleringsprosjekt, emneopplegg o.l.

Både skular og barnehagar kan nytta institusjonslånekort. Det er då den einskilde barnehage eller skule som står ansvarleg for låna, og ikkje den einskilde barnehagetilsette eller lærar.

Venlegst gje biblioteket melding minst ei veke på førehand om du ynskjer å låna depot.