Barn og unge

Hovudbiblioteket har eiga avdeling for barn med skjønnlitteratur, faglitteratur, film og lydbøker for barn opp til 14 år.

Barneavdelinga er òg eit tilbod til foreldre, lærarar, førskulelærarar og andre som ynskjer å låna litteratur og andre media for barn.

Filialen på Litlabø har òg ein eigen seksjon med bøker for barn. Her finst òg mindre depot av film og lydbøker.

Bibliotekpersonalet hjelper til så godt me kan med å finna fram til litteratur for barn om du ynskjer råd og rettleiing.

For skular og barnehagar har biblioteket tilbod om utlån av bokdepot. For barnehagar er kanskje lån av biletbokdepot og bøker til høgtlesing mest aktuelt. For skulane kan depotlån vera aktuelt i samband med emneopplegg, leseprosjekt. Lån av depot kan gjerast på institusjonslånekort. Det er då den einskilde skule eller barnehage som står ansvarleg for låna.

På biblioteket si heimeside er det elles ei eiga barneside. Her finn du lenkjer til leksehjelp, kildekritikk, nettsider for barn og unge, film, spel, nettvettsreglar etc..

Til biblioteket si eiga barne- og ungdomsside.