FALTURILTU – Lesekampanje 2016

Her er bokmeldingar frå 3.trinnet i Stord kommune

Her er link til nettsida til FALTURILTU 2016.

I år kjem forfattar Per Olav Kaldestad og illustratør Hilde Kramer rundt til 3.trinnet som avslutning på Lesekampanjen 2016. Dei les frå si siste bok:

Dronninga kallar

Dronninga er uroleg. Det er noko som er annleis. Arbeidarane held på med sitt, dei ryddar, pleier og matar larver, hentar pollen og nektar. Men det er for stille. Dronninga har ikkje følt seg einsam før, men det gjer ho no. Her kan ein lese om korleis biene lever, i både gode og onde dagar. Same kva som skjer, vil dronninga og arbeidarane gjera alt dei kan for å berga flokken.

 

 

Her er oversikt over når dei skal vere på skulane:

Skule, 3.trinn Onsdag 9/11 Kven Kor
Langeland 9:15  

Per Olav Kaldestad

og Hilde Kramer

Småsalen i kulturhuset
Leirvik 9:15  

Per Olav Kaldestad

og Hilde Kramer

Småsalen i kulturhuset
Rommetveit 10:30 Per Olav Kaldestad Rommetveit skule
Hystad 10:30 Hilde Kramer Hystad skule
Tjødnalio 12:00 Hilde Kramer Tjødnalio skule
Sagvåg 12:00 Per Olav Kaldestad Samfunnshuset på Litlabø, biblioteket
Litlabø 12:00 Per Olav Kaldestad Samfunnshuset på Litlabø, biblioteket

 

 

Me har fått inn mange flotte bokmeldingar, så det er tydeleg at dei har lest. Me håpar at desse kan vere til inspirasjon for andre lesarar.

God lesing!