Slektsbank

Dette er ein Slektsbank for Sunnhordland og Hardanger. Opphavsmann er Hans-Magne Eikeland. Materialet består av anetavler og stamtavler.

I Slektsbanken kan du, om du er heldig, finna di eiga slekt ferdig samla og systematisert. Men dei heldige er i fåtal, så du må rekna med å gjera ein innsats og prøva deg i bygdebøkene og andre kjelder. Etterpå kan du kanskje søkja i Slektsbanken på namn som høyrer heime i di slekt.

I beste fall kan du her få treff og koma i gang med ei slektsliste for deg sjølv.

 

Hovudvekta av materialet gjeld Sunnhordland og Hardanger.

I Slektsbanken finst opplysningar om personar. Opplysningane er systematiserte i anetavler (førslektslister) og stamtavler (etterslektslister). Slektslistene tek ikkje med biografiske opplysningar om liv og lagnad til desse personane.

Det er Hans-Magne Eikeland som har samla og systematisert opplysningane i Slektsbanken. Materialet er i samarbeid med Stord Folkebibliotek gjort tilgjengeleg på biblioteket sine heimesider.

Eikeland har for det meste henta opplysningane frå dei mange bygdebøker som finst for Sunnhordland, Hardanger og andre nærliggjande kommunar. I tillegg har han nytta Erik Bakkevig si bok «Sunnhordlands-slekter», og opplysningar frå personleg kontakt med folk.

Han er fødd i 1925, oppvaksen i Kyvik på Stord med slektsrøter frå Hatlestrand og Ølve i Kvinnherad. Etter at han slutta som professor i psykometri ved Universitetet i Bergen i 1991 har han vore oppteken med innsamling og systematisering av opplysningar til Slektsbank for Sunnhordaland og Hardanger.

Velg tema i menyen til venstre eller her:  Slik søkjer du i Slektsbanken.

Nyttige nettsider:

Digitalarkivet

Slekt og data