Anetavler

Ei anetavle er ei førslektsliste der eit barn eller barna kjem først. Deretter går me bakover i tid i denne rekkefølgja

  • Foreldre
  • Besteforeldre
  • Oldeforeldre
  • Tipp-oldeforeldre
  • Osv.

Nærare informasjon om anetavlene

Problem med å lasta ned filene?

Dersom du nyttar Internet Explorer som nettlesar kan du oppleva problem med å lasta ned filene. Den nettlesaren som ser ut til å fungera best i Slektsbanken er Mozilla Firefox. Den er gratis og enkel å lasta ned frå internett. Du kan framleis ha andre nettlesarar tilgjengeleg på PC-en din.

Slik søkjer du i Anetavlene

Start søket ditt ved å klikka på aktuell kommune i oversikten til venstre.

Du trykkjer på tastane Ctrl+Ffor å søkja vidare i tekstfila. Søkefeltet kjem fram nedst på sida. Der skriv du namnet til personen eller slekta du søkjer. Bruk Enter-tasten til å gå gjennom alle treff.

Dersom du ynskjer å nytta opplysningane i eige tekstdokument, kan du merka den delen av fila du er interessert i (klikk og dra musa over). Den markerte delen kan du så kopiera (Ctrl + C) og lima inn (Ctrl + V) i tekstbehandlingsprogrammet ditt. No kan du retta og supplera, men dette er meint til eige bruk og går ikkje tilbake til slektsbanken.

Dersom du finn at noko må rettast i Slektsbanken, kan du senda melding til: folkebiblioteket@stord.kommune.no

Søk i heile slektsbanken

Du kan også gjera eit internett-søk i heile slektsbanken her

Søkjetips

Her finn du tips til korleis du kan søkja i tekstfilene.