Generell orientering om slektsbanken

I SLEKTSBANKEN er skrive inn, eller på bankvis sagt, skote inn genealogiske opplysningar om personar som er systematiserte i slekter av to slag: anetavler og stamtavler. Dette er reine slektslister (genealogi) som ikkje tek med biografiske opplysningar om liv og lagnad til desse personane.

Opplysningane er for det meste tekne frå dei mange bygdebøker som etter kvart er skrivne for Sunnhordlands- og Hardangerbygdene og frå Erik Bakkevigs Sunnhordlands-slekter. Men ein god del kjem og frå personleg kontakt med folk som har granska i eiga slekt.

I Slektsbanken kan du, om du er heldig, finna di eiga slekt ferdig samla og systematisert. Du kan finna di slekt skreddarsydd for deg. Dei heldige er i fåtal, så du må rekna med å gjera ein innsats og prøva deg i bygdebøkene og andre kjelder og kanskje søkja her i Slektsbanken på namn og/eller fødselsår og dødsår,som høyrer heime i di slekt. I beste fall kan du her få treff, og kanskje du eit stykke på veg, eller langt på veg, kan koma i gang med ei slektsliste for deg sjølv. Då tek du ut av banken dei opplysningane du kan bruka, og du kan samla og strukturera opplysningane du måtte finna.

Uttaket skjer ved å markera såkalla treff, personar som høyrer til i di slekt. Så kan du skriva ut det markerte feltet i slektsbanken, eller kopiera det inn på ei fil i din eigen PC. Men, som sagt, det er ikkje garantert at du vil lukkast. Om Slektsbanken er stor, er han ikkje stor nok til at alle kan få treff.

Legg merke til: Slektsbanken er ikkje som bankar flest, men eg kunne kanskje tenkja meg einslags bank i Kardemomme by! Her tappar du ikkje banken. Du berre kopierer, og det totale innhaldet i banken ligg der som før.

Om anetavler og stamtavler

Ei anetavle er ei førslekts-liste. Ei stamtavle er ei etterslekts-liste.

I anetavlene kjem eitt barn eller born først, deretter i rekkjefølgje foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, tipp-oldeforeldre, 2-tipp oldeforeldre, 3-tipp oldeforeldre osv baklengs i tid, i førtid.

Resultat: Førslekts-lister eller anetavler, slekt i nedstigande line.

I stamtavlene kjem ein foreldre-generasjon (far og mor) først, deretter i rekkjefølgje born, barneborn, oldeborn, tipp-oldeborn og så vidare

framlengs i tid, i ettertid.

Resultat: Etterslekts-lister eller stamtavler, slekt i oppstigande line. 2

Om slekts-strukturar

Både ei anetavle og ei stamtavle kan liknast med eit tre. Dei har ein (omvendt) trestruktur med ei stamme, med greiner på stamma og kvister på greinene.

Anetavle-struktur (regelrett)

Æ = ætling (barn) F = foreldre B = besteforeldre

O = oldeforeldre T = tipp-oldeforeldre

Stamtavle-struktur (ikkje regelrett)

G1 = 1.generasjon

G2 = 2.generasjon

G3 = 3.generasjon

G4 = 4-generasjon

Meir om anetavlene (førslekts-lister)

Anetavlene startar med eit syskenlag (eller eitt barn), foreldre, besteforeldre og så vidare og tek sikte på å finna så mange som råd er av våre forfedre og formødre, anane vår.

Anane er ordna i generasjonar: 2 foreldre, 4 besteforeldre, 8 oldeforeldre,16 tipp-oldeforeldre. Neste generasjon har alltid dobbelt så mange anar som førre generasjon. Går me vidare, vil me såleis ha 32 2-tipp oldeforeldre, 64 3-tipp oldeforeldre, 128 4-tipp oldeforeldre, 256 5-tipp oldeforeldre, 512 6-tipp oldeforeldre og 1024 7-tipp oldeforeldre. 3

I anetavle-strukturen ovanfor har me nummerert personane frå 1 til 31. Her får me med oss dei 31 første i ei anetavle:

1.generasjon: 1 ætling

(barn el born)

2.generasjon: 2 far

(foreldre) 3 mor

3.generasjon: 4 farfar

(bestforeldre) 5 farmor

6 morfar

7 mormor

4.generasjon 8 farfars far

(oldeforeldre) 9 farfars mor

10 farmors far

11 farmors mor

12 morfars far

13 morfars mor

14 mormors far

15 mormors mor

5.generasjon 16 farfars farfar

(tipp oldeforeldre) 17 farfars farmor

18 farfars morfar

19 farfars mormor

20 farmors farfar

21 farmors farmor

22 farmors morfar

23 farmors mormor

24 morfars farfar

25 morfars mormor

26 morfars morfar

27 morfars mormor

28 mormors farfar

29 mormors farmor

30 mormors morfar

31 mormors mormor

Nedanfor ser du eit døme på ei verkeleg anetavle i det formatet du finn dei i Slektsbanken:

ÆTLING

1 Lars Olai Torbjørnsson SOLHAUG (1887-1955) ug

FORELDRE

Solhaug

2 Torbjørn Olsson SOLHAUG 1843

3 Ingeborg Svalesdtr Kyviktre 1847 g2 4

BESTEFORELDRE

Solhaug

4 Ola Bertelsson SOLHAUG 1798

5 Mari Øysteinsdtr Grov 1804

Kyviktre

6 Svale Sørensson Borevik-KYVIKTRE (1806-1887)

7 Else Marie Olsdtr Kyvikhaugen (1808-1875)

OLDEFORELDRE

Solhaug

8 Bertel Johannesson Nordhuglo-SOLHAUG (1774-1803)

9 Ingebjørg Torbjørnsdtr Førland 1776

Grov

10 Øystein Halvardsson GROV (1774-1827)

11 Anna Torbjørnsdtr Førland (1772-1846)

Kyviktre

12 Søren Svalesson S-Gjerdevik, Ølen-BOREVIK (1768-1811)

13 Sara Nilsdtr (Oa, V-Vikebygd) g1 (g2 til Kyvikhaugen)/

Kyvikhaugen

14 Ola Ådnesson KYVIKHAUGEN g1, by frå 1790

15 Ingeborg Reinertsdtr Nordhuglo

TIPP-OLDEFORELDRE

Solhaug

16 Johannes Olsson NORDHUGLO (1749-1836)

17 Dordi Olsdtr Brandvik (1750-1827)

Førland

18 Torbjørn Samsonsson (Rommetveit)-FØRLAND (1733-1789)

19 Ranveig Larsdtr Petarteigen

Grov

20 Halvard Øysteinsson GROV (1735-1788)

21 Mari Larsdtr NN d 1802/

Førland

22 Torbjørn Samsonsson (Rommetveit)-FØRLAND (1733-1789)

23 Ranveig Larsdtr Petarteigen 5

Kyviktre

24 Svale Jonsson Brandvik/S-GJERDEVIK, Ølen (1726-1800) g1

25 Anna Halvardsdtr Fugleberg, Ølve 1737

Kyvikhaugen

28 Ådne Olsson (KYVIKHAUGEN), n br 1750-åra/

29 NN/

Nordhuglo

30 Reinert Olsson NORDHUGLO 1737

31 Barbro Johannesdtr N-Laukhammar 1739

I anetavlene er det overskrifter med store bokstavar for generasjonane: ÆTLING (born), FORELDRE, BESTEFORELDRE, OLDEFORELDRE, TIPP-OLDEFORELDRE, 2-TIPP OLDEFORELDRE, 3-TIPP OLDEFORELDRE osv. I rett nedstigande line går du frå yngre generasjon til eldre generasjon ved å multiplisera yngre generasjons slektskode med to. Dei første i kvar generasjon i anetavla ovanfor har slektskodar 1, 2, 4, 8, 16. Hadde me gått vidare i anelista, ville me halda fram med slektskodane 32, 64, 128, 256, 512 og endå lenger ned ved stadig å multipisera med 2.

Du skal leggja merke til at i denne store anetavla ligg det løynt ei mengd mindre anetavler. Desse mindre anetavlene kan du leita deg fram til ved å starta ei slik anetavle i kva slektskode som helst og multipisera med 2 for kvar generasjon.

Startar du med 7 i anetavla ovanfor, får du ei nedstigande line 7, 14, 28:

7(1) Else Marie Olsdtr Kyvikhaugen (1808-1875)

14(2) Ola Ådnesson KYVIKHAUGEN g1, by frå 1790

15(3) Ingeborg Reinertsdtr Nordhuglo

28(4) Ådne Olsson (KYVIKHAUGEN), n br 1750-åra/

29 (5)NN/

30(6) Reinert Olsson NORDHUGLO 1737

31(7)Barbro Johannesdtr N-Laukhammar 1739

I parantesen ser du dei ny slektskodane om dette skulle vera starten på ei anetavle med eit anna utgangspunkt, ein annan ætling.

Rekneregelen er her enkel og grei: I ei større anetavle kan ein starta ei ny og mindre stamtavle ved å ta eit vilkårleg valt utgangspunkt (barn), finna far ved å multiplisera med 2, finna mor ved addera 2+1=3.

I anetavlene i Slektsbanken er det dei vanlege siffer (0-9) som blir brukte som slektskode. Talrekkja slik me kjenner henne i bruk i kvardagen, bruker me her som rekkjetal for å nummerera anane våre frå 2 til 31, slik dømet ovanfor syner. Og nummereringa kan gå til dess ingen fleire anar er å finna.

I slektskode-systemet ligg at fedre alltid får eit partal og mødre alltid eit oddetal.

Om eg tek utgangspunkt i slektskode 15 i anetavla ovanfor, veit eg at det er ei jente. Utan å vita namn på 15 veit eg det må vera ei jente fordi eg har for meg eit oddetal. For å finna hennar foreldre må eg gå baklengs i tid, og eg må finna deira slektskodar etter rekneregelen 15.2=30 for far og 15.2+1=31 for mor.

Men 15 er i anetavla både dotter og mor. For å finna 15 sitt barn må eg sjølvsagt inn i ei oppstigande line, gå framlengs i tid, og finna ein slektskode som er lågare. 6

Rekneregelen i ei oppstigande line blir omvendt rekneregelen i ei nedstigande. Difor må eg no dividera med 2. Eit oddetal som 15:2=7,5 gjev ikkje treff, som det heiter. Det treffer ikkje ein gyldig slektskode, som berre er heiltal. Men løysinga på problemet ligg nær: Me veit at hankjønna personar i anetavla har fått tildelt eit partal, hokjønna personar eit oddetal. Barnet til 15, ein oddetalsperson og mor må ha far med partal som er 1 mindre enn mors oddetal 15 altså 14. 14 og 15 er far og mor og 7 er barnet, ei dotter. I nedstigande line blir då rekneregelen til neste generasjon: Er utgangspunktet oddetal «minus 1, divider med 2». Er utgangspunktet partal «divider med 2».

I Slektsbanken har eg i tillegg til generasjons-overskriftene i anetavlene, som alt er nemnde, også med overskrifter for dei mindre anetavler i den store anetavla. Desse mini-anetavlene har start på alle slektskodar frå 3 til 31.

Overskriftene i desse minitavlene startar då med slektskodar frå 6 til 62, og dei er slektsnamn (familienamn) og er dei same frå generasjon til generasjon.

Meir om stamtavlene (etterslekts-lister)

Stamtavle-strukturen ein gong til

G1 = 1.generasjon

G2 = 2.generasjon

G3 = 3.generasjon

G4 = 4-generasjon

I ei stamtavle er det to viktige ting som går inn i slektsstrukturen:

1 Generasjonar i rekkjefølgje

2 Born i eit syskenlag i rekkjefølgje etter alder

Den mest vanlege rekkjefølgja kjenner me ved bruk av tal: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10,11 osv. Men me kan og bruka alfabetet frå A til Å når ei rekkjefølgje skal registrerast: A, B, C osv

Talrekkja har 10 siffer, 0-9. Det norske alfabetet har 28 bokstavar, som kan brukast som siffer det og, i tilleg til dei vanlege frå 0-9. Til dømes: Dersom eg har bruk for å stilla opp ein retteleg stor syskenflokk i rekkjefølgje etter alder frå 1-16, kan dei få nummer 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, A, B, C, D, E, F, G. Merkeleg måte, kan du seia.

Men det er denne måten som løyser problemet med slekts-strukturen: Korleis kan eg få til ein slektskode for foreldre, born, barneborn, barneborns barn osv som identifiserer rekkjefølgje av generasjonar og rekkjefølgje av born i ein syskenflokk i ein og same kode?

Det kan eg gjera ved å bruka einar-plassen, tiar-plassen, hundre-plassen osv i det vanlege talsystemet til nummerering av born i ein syskenflokk, samstundes med at 7

einar-plassen, tiarplassen, hundre-plassen osv og skal fortelja meg at eg er i ein bestemt generasjon i den stamtavla eg byggjer.

Då vert eit tosifra tal ubrukeleg i dette systemet. 10 bruker både einarplassen og tiarplassen, og det går ikkje. Men A i staden for 10 går, sameleis B for 11, C for 12 osv.

Når ein går i gang med ei stamtavle, er det ei vilkårleg avgjerd å bestemma kva for foreldre-generasjon ein vil starta med i ei slekt som historisk sett eksisterer i generasjonar langt tilbake i tid. Har ein bestemt seg for utgangspunktet i ei stamtavle, altså stamforeldre, har ein med det også definert ei slekt.

Denne startgenerasjonen, vilkårleg vald, med dei grunnar ein måtte ha for just dette valet, er ein nullstilt generasjon i ei eksisterande slekt som finst, om enn ikkje nødvendigvis kjent eller skriven.

I min slekts-struktur gjev eg mine vilkårleg valde stam-foreldre slekts-kode 0. Dei blir null-stilte og er første generasjon i stamtavla mi. Borna skal plasserast i andre generasjon i rekkjefølgje etter alder (årstal).

Her eit konstruert døme:

2-generasjons stamtavle

0 Kari Olsdtr Nes g Peder Nilsson HAUGEN

01 Nils Haugen

02 Mari Haugen.

3-generasjons stamtavle

0 Kari Olsdtr Nes g Peder Nilsson HAUGEN

01 Nils HAUGEN g Liv Persdtr Olsen

02 Mari Haugen g Tor Hansson BERG

01 Knut HAUGEN g Liv Persdtr Olsen

011 Siri Haugen

012 Per Haugen

02 Mari Haugen g Tor Hansson BERG

021 Tone Berg

022 Hans BERG

Det er upraktisk og det er ikkje nødvendig å dra denne nullen med seg gjennom heile stamtavla. Eg let vera å skriva han, men har i minne at han høyrer til i slekts-strukturen, den null-stilte foreldregenerasjonen.

Forenkla skrivemåte:

3-generasjons stamtavle (2 siffer)

+++++++++++++++++++++++++++++++++++

+++++++++++++++++++++++++++++++++++

HAUGEN-slekt

Kari Olsdtr Nes g Peder Nilsson HAUGEN

1 Nils HAUGEN g Liv Persdtr Olsen

2 Mari Haugen g Tor Hansson BERG 8

++++++++++++++++++++++++++++++++++++

1 Haugen-grein

1 Nils HAUGEN g Liv Persdtr Olsen

11 Siri Haugen g Tor Larsson Sletten, b Bergen

12 Per Haugen ug/

+++++++++++++++++++++++++++++++++++

2 Berg-grein

2 Mari Haugen g Tor Hansson BERG

21 Tone Berg

22 Hans BERG

Eg held meg til eigen regel at alle kjernefamiliar (foreldre + born) skal vera samla ved ein første gongs presentasjon: Ovanfor er Haugen-slekt samla som første og andre generasjon i ein kjernefamilie. Kari og Peder med born Knut og Mari. Etterpå får Knut og Mari kvar sin kjernefamilie. Det vert to kjernefamiliar i andre og tredje generasjon.

Eit døme frå ei større stamtavle i Slektsbanken:

14257 BRANDVIK/ÅDLAND-slekt på UNDARHEIM, Husnes

(0) Erik Jonsson Sveio/BRANDVIK-ÅDLAND d 1649 g Susanna Pedersdtr NN, b S-Brandvik 1590-1610

1 Jon S-BRANDVIK, n 1650-1652 g Karen Olsdtr Haugland, Kvhd, n enkje 1661-1666

14 Ola BRANDVIK 1639-1715 g Synneva Olsdtr Nordhuglo 1644-1730

142 Kari Brandvik 1667-1759 g1 Nils Sjursson (Ø-Kaldestad)-UNDARHEIM 1659-1733

1425 Olav UNDARHEIM 1707-1773 g Madel Torgeirsdtr Helland 1708-1773

14257 Nils UNDARHEIM 1748-1827 g Kristine Rasmusdtr NN 1747-1836

142571 Olav Undarheim 1787/

142572 Hans UNDARHEIM 1790-1868 g Brita Johannesdtr Hatteberg 1797-1877

+++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

+++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

142572 UNDARHEIM-slekt, Husnes

142572 Hans UNDARHEIM 1790-1868 g Brita Johannesdtr Hatteberg 1797-1877

1 Marta Kristine Undarheim 1829-1911/

2 Marta Undarheim 1834-1911 g Johannes Johannesson HJELMELAND, Kvhd 1837-1893

3 Brita Undarheim 1837-1870/

4 Hans UNDARHEIM 1840-1924 g Barbro Mikkjelsdtr Røssland 1844-1911

+++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

2 Hjelmeland-grein, Omvikdalen, Kvinnherad

2 Marta Undarheim 1834-1911 g Johannes Johannesson HJELMELAND, Kvhd 1837-1893

21 Johannes HJELMELAND 1867-1941 ug/

22 Brita HJELMELAND 1868-1960 ug/

23 Hans Hjelmeland 1871, til USA 1890/ 9

24 Johannes Hjelmeland 1873-1873/

25 Johannes Hjelmeland 1875-1877/

26 Samson HJELMELAND 1876-1944 g Anna Gurine Øysteinsdtr Huglen, Stord 1869-

1954

27 Marta HJELMELAND 1879-1948 ug/

*************************************************

*************************************************

26 Hjelmeland-kvist, Kvinnherad

26 Samson HJELMELAND 1876-1944 g Anna Gurine Øysteinsdtr Huglen, Stord 1869- 1954

261 Johannes HJELMELAND 1913-1957 g Sara Johannesdtr Skeie 1920

2611 Anna Ingeborg Hjelmeland 1942 g 1961 Håkon Bjørnebøle/

2612 Sigrun Hjelmeland 1945 g 1965 Håkon Sandhaug, b Sunde/

2613 Synnøve Hjelmeland 1948 g Johannes Erlingsson HELLAND, Husnes 1952

2614 Svein Hjelmeland 1952 g Berit Bleie, Nå/

————————————————-

2613 Synnøve Hjelmeland 1948 g Johannes Erlingsson HELLAND, Husnes 1952

26131 Erling Helland/

26132 Ingebjørg Helland/

+++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

4 Undarheim-grein, Husnes

4 Hans UNDARHEIM 1840-1924 g Barbro Mikkjelsdtr Røssland 1844-1911

41 Brita Undarheim 1872-1926 ug/

42 Hans Onarheim-UNDARHEIM 1874-1957 g1 Sella Samsonsdtr Bogsnes, Husnes 1882- 1929

42 Hans Onarheim-UNDARHEIM 1874-1057 g2 1936 Anna Nilsine Amundsdtr Vermedal, Tysnes 1884 bl/

43 Sella Gurine Undarheim 1877-1950 g Johannes Haktorsson Ø-KALDESTAD 1880-1972

44 Hanna Bertine Undarheim 1883-1885/

*************************************************

*************************************************

42 Onarheim-kvist, Undarheim, Husnes

42 Hans ONARHEIM 1874-1957 g1 Sella Samsonsdtr Bogsnes, Husnes 1882-1929 g2

421 Bergit Helene Onarheim 1916 g Julius Poverud, b Oslo/

422 Hermod Aksel Mowat 1920 g Anna Andreasdtr Klette/

*************************************************

*************************************************

43 Haktorsen-kvist, Ø-Kaldestad, Husnes

43 Sella Gurine Undarheim 1877-1950 g Johannes Haktorsson Ø-KALDESTAD 1880-1972

431 Brita Haktorsen 1904-1982 ug/

432 Gudrun Haktorsen 1906-1988 g Konrad Nilsen, fl Kristiansand/

433 Harald Haktorsen 1909-1924/

434 Sigurd Haktorsen/N-KALDESTAD 1916-1978 g Brynhild Hansdt Seland 1916

435 Håkon Haktorsen 1918-1982 g Gunhild Jensdtr Årbø 1917, Fitjar, b Bergen/ 10

*************************************************

434 Haktorsen-familie, N-Kaldestad, Husnes

434 Sigurd Haktorsen/N-KALDESTAD 1916-78 g Brynhild Hansdtr Seland, Nes v/Flekkefjord 1916

4341 Sigrun Haktorsen 1944 g Magnus Ingolf Hitland, Åane/

4342 Solveig Haktorsen 1951 g Lars Olsson NERHUS, Ølve 1951

4343 Hogne Haktorsen 1955 g Brit Astrid Nordland, Masfjorden/

————————————————-

4342 Solveig Haktorsen 1951 g Lars Olsson NERHUS, Ølve 1951

43421 Kjersti Nerhus 1981/

43422 Stine Nerhus 1983/

43423 NN/

Dette var eit døme på ei verkeleg og mindre stamtavle i slektsbanken som går inn i ei mykje større stamtavle. Den store stamtavla startar med eit nullstilt foreldre-par som følgjer generasjonar i ei etterslektsline med slektskodane: 0, 1, 14, 142, 1425, 14257.

14257 er eitt foreldre-par blant mange andre i den store stamtavla eg kallar BRANDVIK/ÅDLAND-slekt på UNDARHEIM, Husnes:

14257 Nils UNDARHEIM 1748-1827 g Kristine Rasmusdtr NN 1747-1836.

Dei har to gutar:

142571 Olav Undarheim 1787/

142572 Hans UNDARHEIM 1790-1868 g Brita Johannesdtr Hatteberg 1797-1877

142571 Olav Undarheim 1787/ Han er ikkje gift og har ikkje born.

142572 Hans UNDARHEIM 1790-1868 g Brita Johannesdtr Hatteberg 1797-1877 er gift og har 4 born:

1 Marta Kristine Undarheim 1829-1911/

2 Marta Undarheim 1834-1911 g Johannes Johannesson HJELMELAND, Kvhd 1837-1893

3 Brita Undarheim 1837-1870/

4 Hans UNDARHEIM 1840-1924 g Barbro Mikkjelsdtr Røssland 1844-1911

I den store stamtavla for Brandvik/Ådland-slekta på Stord, som startar med ein null-stilt foreldre-generasjon, har eg her presentert ei bestemt line i denne store stamtavla fram til ei mindre stamtavle i den store som startar med eit foreldre-par med slekts-kode 14257 som ligg mange generasjonar i ettertid i høve til den første og null-stilte generasjonen.

Legg no merke til dette: 142572 er eit foreldrepar med 4 born som i systemet skal ha slektskodane 1425721, 1425722, 1425723 og 1425724. Men fordi ein sjusifra slektskode tek så mykje av plassen til andre opplysningar som skal inn på linja, vel eg å nullstilla 142572 ved å gje borna avkorta slektskode 1, 2, 3, 4. Dei fullstendige slektskodane i den store samlande stamtavla står ved lag. Dei første seks siffer i koden blir løynde når ein går vidare i stamtavla: (142572)1, (142572)2, (142572)3 og (142572)4.

Kodesystemet kan brukast til å lesa av kor mykje personar i ei aktuel stamtavla er i slekt. Eit døme frå Undarheim-slekta ovanfor:

Eg ønskjer å finna slektskapet mellom Sønneva Hjelmeland f 1942 og Solveig Haktorsen f 1951. Då må eg finna den fullstendige slektskoden for kvar av dei to. Det gjer eg ved å oppheva nullstillinga. Eg nullstilte 142572. Denne delkoden får no Sønneva og Solveig plassert i forkant av den koden dei har fått i slektslista: 11

Sønneva Hjelmeland 1948 med fullstendig slektskode 1425722613

Solveig Haktorsen 1951 med fullstendig slektskode 1425724342

Så lenge kodane for desse to er like frå venstre mot høgre, har dei identisk slektsbakgrunn frå generasjon til generasjon til dess me kjem til ein generasjon der generasjons-sifferet for dei to er ulikt: Då er me på sysken-nivå, deretter på syskenbarn-nivå, deretter på tremennin-nivå og endeleg på firmenningnivå. Resultat:Sønneva og Solveig er firmenningar:

Eksempelet er relativt enkelt. I ein del av stamtavlene i Slektsbanken kan det vera opp mot 20 generasjonar med nullstilling etter kvar gong slektskoden er på seks siffer. Prinsippet er det same: Opphev kvar nullstilling for å få rett fullstendig slektskode.

Legg og merke til følgjande rutine gjennom heile Slektsbanken, båd anetavler og stamtavler: Når eg manglar opplysningar og ikkje kan gå vidare med ein person eller eit foreldre-par, set eg ein skråstrek /. Når eg kan gå vidare med ein person eller eit foreldre-par men ikkje gjer det, set eg i ei stjerne i forkant av lina.

Om utvalet i slektsbanken

«Sysso e da å sysso gaor da, somme mysse da og somme faor da»

(«Slik er det og slik går det: Sume misser det og sume får det.»)

Dette er ei herme frå Hardanger som så ofte er sannsagd i livet. Og diverre må det bli slik med dei som går inn i Slektbanken og: Sume misser det og sume får det. Det kjem seg av at samla slektsbank er summen av skreddarsydde slekter. Dei heldige søkjarar i slektsbanken blir rimeleg nok eit lite fåtal, dei uheldige eit stort fleirtal. Annleis kan det ikkje vera. Alle slekter i banken, anten du no finn dei i anetavler eller i stamtavler, er skreddarsydde: Dei er skrivne for ætlingane (born) som står først i anetavla (førslekts-lista) eller for det foreldreparet som står først i stamtavla (etterslekts-lista). Nokon annan måte er vanskeleg å tenkja seg.

Utveljing av anetavler

Mi slektsgransking starta naturleg nok med eiga slekt, skreddarsydd anetavle for meg og mine. Men det vart ikkje berre med det. Eg tok etter kvart til å skriva anetavler for alle bruk på garden Kyvik, Stord. Då det var gjort, gjekk eg i gang med anetavler for alle bruk på alle matrikulerte gardar i Stord kommune. Eg har såleis på systematisk vis fått med meg det meste av anetavler for denne kommunen. Det same skjedde med deler av Kvinnherad kommune, med soknene Ølve og Hatlestrand. Eg var oppteken av mi eiga slekt etter som mine slektsrøter oppi dagen fullt og heilt er å finna i desse soknene. Djupare nede er røtene meir vidsveimde, og eg måtte grava i andre sokner og andre kommunar.

Så langt kan eg seia at utvalet til anetavlene er systematisk. Men så langt komen var det og at ideen om ein regional slektsbank slo meg for alvor. Det slåande var at slekter var i slekt i mykje større grad enn eg hadde tenkt meg, og mykje meir slik di fleire eldre generasjonar som kom med i anetavlene.

Me tenkjer at slekter er lokale. Dei er i før-moderne tid med dårleg kommunikasjon knytte til nære bygdelag. Det var det god grunn til å venta, meinte me å vita. Men det me tenkte mindre på, var at slekter over tid og generasjonar i ikkje liten kunne vera regionale.

Den informasjon som låg i mine anetavler så langt, og den informasjon

eg etter kvart fekk, bygd på bygdebøker frå mange ikkje-nære kommunar, gjorde det interessant å skriva ut anetavler for ein større region. Ein slik region såg ut til å samla seg om Hardangerfjorden (Bømla-fjorden inkludert), frå ytst mot havet til inst i fjordane. 12

Dette måtte då bli ei slektsgransking med målsetjing langt ut over det ein tradisjonelt legg i omgrepet. Slekts-gransking blir her «slekter-i-slekt-gransking» innanfor eit topografisk landskap som kan tilseia at ein og har med eit genealogisk landskap å gjera. Ei slik målsetjing er interessant men ikkje lett å hanskast med.

Men det går an å koma eit stykke på veg. Difor sette eg i gang med eit utvida prosjekt, og kom så langt at eg såg at ideen om ein regional slektsbank kunne fungera tolleg godt når uskrivne slekter frå regionen skulle skrivast. Dette har eg då prøvt ut i lengre tid all den stund eg stadig har skrive ut nye anetavler og stamtavler som er lagde inn i Slektsbanken om enn uferdig, summen av alle skreddarsydde slekter.søkja der Der kan eg søkja etter personar som eg jaktar på i nye slekter.

Systematisk utval kunne ikkje koma på tale i det vidare prosjektet i kommunar i utkanten av mine sentrale kommunar Stord og Kvinnherad (soknene Ølve og Hatlestrand). I utkant-kommunane måtte utvalsmåten bli vilkårleg (viljesvald, etter eige godtykke) og tilfeldig (med den meining ordet har i folkeleg tale).

I den første fase av Slektsbankens historie vart anetavler frå mi eiga slekt føretrekt og, i ettertid sett, over-representert. Personleg kjennskap og venskap har og i denne fasen i rik mon styrt valet. Kjent folk i bygdene, ikkje nødvendigvis kjendisar, låg og lagleg til. Dette peikar då i retning skeivt utval.Men det må og seiast at ein god del av slekts-listene er komne til ved at ukjende for meg har meldt seg med si interesse med det dei visste om slekt og slekter, og eg har bite på og skrive ut lister som elles ikkje ville ha kome med. Det skeive i første fase er i listene samla vorte mindre skakt, trur eg.

Når det gjeld utvalet av stamtavler har målet vore å få til ei viss geografisk spreing innanfor den hardanger-sunnhordlandske slekts-regionen.

Alt i alt er det vanskeleg å sjå at vitskaplege utvalsmetodar kan hjelpa oss i tankar om korleis ein slektsbank bør byggjast opp. Det som er tingen er å få skrive ut flest mogleg av dei moglege slekter som kan skrivast ut i ein genealogisk region, som til dømes, slik eg trur, regionen «Hardangerfjorden rundt»(inkludert Sunnhordlands-bassenget og ytre kystkommunar).

Di fleire anetavler og stamtavler utskrivne heime-høyrande i regionen, di større slektsbank, og di større sjanse for at ikkje-skrivne slektslister i nokon mon kan byggjast og skrivast med opplysningar som kan hentast i Slektsbanken.

I denne samanhengen kan det vera nyttig å minna om at skilnad i folketal i fortid og notid, lat oss seia eit spenn på nært 400 år (1600-2000), har vore stor. I ein genealogisk region vil dette seia at rekrutteringsgrunnlaget for 400 år sidan for etterkomande slekter var lite, medan talet på ætlingar i notid er stort, og dei er nøydde til å dela på dei få anane som var til i fortid. Når folk i notid i ikkje liten grad har dei same anane i fortid, då skulle det vera mange i notid som meir eller mindre er i slekt. Og det har slått til i Slektsbanken.

Stamtavlene i Slektsbanken er store, sume svært store, den største på ca 7500 listesider. Det vil seia at ein del av dei startar med ein foreldre-generasjon langt tilbake i tid, nokre av dei frå slutten av 1500-talet. Dette gjer eg dels for å sjå korleis ei slekt spreier seg geografisk langt fram i tid, dels for å finna kven som er i slekt ut over «slekt i manns minne», som til vanleg kanskje ikkje strekkjer seg lenger enn til tremenningar eller firmenningar.

Om tradisjonell slektsgransking i førstehands kjelder og «kjettersk» i andrehands.

Omgrepet slektsgransking i profesjonell meining har hatt det i seg at me i det minste skal gå til kjeldene for å finna opplysningar om slekt. Med kjeldene forstår me førstehands kjelder, svært ofte offisielle dokument, kyrkje-bøker og folketeljingar til dømes. Eg reknar med at dette er eit grunnleggjande krav til alle forfattarar av 13

bygdebøker. Går ein til førstehands kjelder, som ofte er svært gamle, må forfattarane og kunna lesa gotisk skrift.

I siste mannsalder har det kome så mange bygdebøker at godt som alle sokner i større regionar kan vera hjelpne. For den genealogiske regionen eg har kalla Hardangerfjorden rundt inkludert Sunnhordlands-bassenget med kystkommunane, finst per 2011 bygdebøker for alle kommunar, med unntak for Austre Vikebygd, no Ølen. Det same gjeld noverande Fusa kommune med dei tidlegare kommunane Fusa, Strandvik, Hålandsdalen. Eg tek Fusa med fordi eg finn genealogisk grunnlag i bygdebøkene for å utvida Hardangerfjorden rundt i denne nordlege retningen. Me har såleis i denne store regionen, i alle bygdebøkene som her finst, ei mengd med opplysningar som går på genealogi. Opplysningane ligg der og liksom ber om hjelp til å bli samla, sorterte og sytematiserte i store slekter.

Men så var det dette med kjeldene, førstehands og andrehands: Det skulle ikkje vera nødvendig alltid å gå til førstehands kjelder når slekt skal finnast, samlast og systematiserast. Ideen om ein Slektsbank, slik eg har skissert han, ville vera godt som uoverkommeleg om eg skulle måtta gå til primær-kjeldene. Tanken kan neppe realiserast utan å gå til slekts-opplysningar som alt er henta frå førstehands kjelder. Slike opplysningar reknar eg med at me har i alle kommunale bygdebøker og andre seriøse publikasjonar, som til dømes i Erik Bakkevigs Sunnhordlands-slekter.

Det vert ofte hevda at opplysningane i bygdebøkene ikkje alltid er å lita på. Mi røynsle gjennom alle desse år med andrehands kjelder, hentande personopplysningar frå desse bøkene som oftast skal sjekkast frå ei bok til ei anna, eller innanfor ei og same bok er ikkje slik. Mitt arbeid er i ikkje liten grad ei kryssvalidering av opplysningane som finst i bygdebøkene. Det eg ventar å finna når eg går frå bok til bok i eit bestemt ærend, det finn eg. Det er regelen. Småfeil finst det nok mange av, men oftast ikkje øydeleggjande for korrekt personidentifikasjon.

Når dette er sagt, skal det sjølvsagt ikkje tolkast dit at opplysningar i slektslister bygde på andrehands kjelder kan brukast som eit slags folkeregister. Offisielle personopplysningar må hentast andre stader.