Om anetavlene (førslekts-lister)

Anetavlene startar med eit syskenlag (eller eitt barn), foreldre, besteforeldre osv og tek sikte på å finna så mange som råd er av våre forfedre og formødre, anane vår.

Anane er ordna i generasjonar: 2 foreldre, 4 besteforeldre, 8 oldeforeldre,

16 tipp-oldeforeldre. Neste generasjon har alltid dobbelt så mange anar som førre generasjon. Går me vidare, vil me såleis ha 32 2-tipp oldeforeldre, 64 3-tipp oldeforeldre, 128 4-tipp oldeforeldre, 256 5-tipp oldeforeldre, 512 6-tipp oldeforeldre og 1024 7-tipp oldeforeldre.

 

I anetavle-strukturen nedanfor har me nummerert personane frå 1 til 31. Her får me med oss dei 31 første i ei anetavle:

 

1.generasjon: 1 ætling

(barn el born)

 

2.generasjon: 2 far

(foreldre) 3 mor

 

3.generasjon: 4 farfar

(bestforeldre) 5 farmor

6 morfar

7 mormor

 

4.generasjon 8 farfars far

(oldeforeldre) 9 farfars mor

10 farmors far

11 farmors mor

12 morfars far

13 morfars mor

14 mormors far

15 mormors mor

 

5.generasjon 16 farfars farfar

(tipp oldeforeldre) 17 farfars farmor

18 farfars morfar

19 farfars mormor

20 farmors farfar

21 farmors farmor

22 farmors morfar

23 farmors mormor

24 morfars farfar

25 morfars mormor

26 morfars morfar

27 morfars mormor

28 mormors farfar

29 mormors farmor

30 mormors morfar

31 mormors mormor anetavler_111104 pr. 15.04.10

No får du eit døme på ei verkeleg anetavle i det formatet du finn dei i Slektsbanken:

 

ÆTLING

1 Lars Olai Torbjørnsson SOLHAUG (1887-1955)ug

(einebarn)

 

FORELDRE

Solhaug

2 Torbjørn Olsson SOLHAUG 1843

3 Ingeborg Svalesdtr Kyviktre 1847 g2

 

BESTEFORELDRE

Solhaug

4 Ola Bertelsson SOLHAUG 1798

5 Mari Øysteinsdtr Grov 1804

 

Kyviktre

6 Svale Sørensson Borevik-KYVIKTRE (1806-1887)

7 Else Marie Olsdtr Kyvikhaugen (1808-1875)

 

OLDEFORELDRE

Solhaug

8 Bertel Johannesson Nordhuglo-SOLHAUG (1774-1803)

9 Ingebjørg Torbjørnsdtr Førland 1776

 

Grov

10 Øystein Halvardsson GROV (1774-1827)

11 Anna Torbjørnsdtr Førland (1772-1846)

 

Kyviktre

12 Søren Svalesson S-Gjerdevik, Ølen-BOREVIK (1768-1811)

13 Sara Nilsdtr (Oa, V-Vikebygd) g1 (g2 til Kyvikhaugen)/

 

Kyvikhaugen

14 Ola Ådnesson KYVIKHAUGEN g1, by frå 1790

15 Ingeborg Reinertsdtr Nordhuglo

 

TIPP-OLDEFORELDRE

Solhaug

16 Johannes Olsson NORDHUGLO (1749-1836)

17 Dordi Olsdtr Brandvik (1750-1827)

 

Førland

18 Torbjørn Samsonsson (Rommetveit)-FØRLAND (1733-1789) anetavler_111104 pr. 15.04.10

19 Ranveig Larsdtr Petarteigen

 

Grov

20 Halvard Øysteinsson GROV (1735-1788)

21 Mari Larsdtr NN d 1802/

 

Førland

22 Torbjørn Samsonsson (Rommetveit)-FØRLAND (1733-1789)

23 Ranveig Larsdtr Petarteigen

 

Kyviktre

24 Svale Jonsson Brandvik/S-GJERDEVIK, Ølen (1726-1800) g1

25 Anna Halvardsdtr Fugleberg, Ølve 1737

 

Kyvikhaugen

28 Ådne Olsson (KYVIKHAUGEN), n br 1750-åra/

29 NN/

 

Nordhuglo

30 Reinert Olsson NORDHUGLO 1737

31 Barbro Johannesdtr N-Laukhammar 1739

 

I anetavlene er det overskrifter med store bokstavar for generasjonane: ÆTLING (born), FORELDRE, BESTEFORELDRE, OLDEFORELDRE, TIPP-OLDEFORELDRE, 2-TIPP OLDEFORELDRE, 3-TIPP OLDEFORELDRE osv. I rett nedstigande line går du frå yngre genarsjon til eldre generasjon ved å multiplisera yngre generasjons slektskode med to. Dei første i kvar generasjon i anetavla ovanfor har slektskodar 1, 2, 4, 8, 16. Hadde me gått vidare i anelista, ville me halda fram med kodane 32, 64, 128, 256, 512 og endå lenger ned ved stadig å multipisera med 2.

 

Du skal leggja merke til at i denne store anetavla ligg det ope ei mengd mindre anetavler. Desse mindre anetavlene kan du leita deg fram til

ved å starta ei slik anetavler i kva slektskode som helst og multipisera med 2 for kvar generasjon. Startar du med 7 i anetavla ovanfor, får du ei nedstigande line 7, 14, 28:

 

7(1) Else Marie Olsdtr Kyvikhaugen (1808-1875)

14(2) Ola Ådnesson KYVIKHAUGEN g1, by frå 1790

15(3) Ingeborg Reinertsdtr Nordhuglo

28(4) Ådne Olsson (KYVIKHAUGEN), n br 1750-åra/

29 (5)NN/

30(6) Reinert Olsson NORDHUGLO 1737

31(7)Barbro Johannesdtr N-Laukhammar 1739

I parentesen ser du dei nye slektskodane om dette skulle vera starten på ei mindre anetavle. anetavler_111104 pr. 15.04.10

Rekneregelen er her enkel og grei: I ei store anetavle kan du starta ei ny anetavle ved å ta eit vilkårleg valt utgangspunkt (barn), finna far ved å multiplisera med 2, finna mor ved addera 2+1=3.

I anetavlene i Slektsbanken er det dei vanlege siffer (0-9) som blir brukte som slektskode. Talrekkja slik me kjenner henne i bruk i kvardagen, bruker me her som rekkjetal for å nummerera anane våre frå 2 til 31, slik dømet ovanfor syner. Og nummereringa går til dess ingen fleire anar er å finna.

I anekode-systemet ligg at fedre alltid får eit partal og mødre alltid eit oddetal.

 

Om eg tek utgangspunkt i slektskode 15 i anetavla ovanfor, veit eg at det er ei jente. Utan å vita namn på 15 veit eg det må vera ei jente fordi eg har for meg eit oddetal. For å finna hennar foreldre må eg gå baklengs i tid, og eg må finna deira anekodar etter rekneregelen 15 X 2 = 30 for far og 15 X 2 + 1 = 31 for mor.

 

Men 15 er i stamtavla både dotter og mor. For å finna 15 sitt barn må eg sjølvsagt inn i ei oppstigande linje, gå framlengs i tid, og finna ein slektskode som er lågare.

 

Rekneregelen i ei oppstigande line blir omvendt rekneregelen i ei nedstigande. Difor må eg no dividera med 2. Eit oddetal som 15:2=7,5 gjev ikkje treff, som det heiter. Det treffer ikkje ein gyldig slektskode, som berre er heiltal. Men løysinga på problemet ligg nær: Me veit at hankjønna personar i anetavla har fått tildelt eit partal, hokjønna personar eit oddetal. Barnet til 15, ein oddetalsperson og mor må ha far med partal som er 1 mindre enn mors oddetal 15 altså 14. 14 og 15 er far og mor og 7 er barnet, ei dotter. I nedstigande linje blir då rekneregelen til neste generasjon: Er utgangspunktet oddetal ”minus 1, divider med 2”. Er utgangspunktet partal ”divider med 2”.

 

I Slektsbanken har eg i tillegg til generasjons-overskriftene i anetavlene, som alt er nemnde, også med overskrifter for dei mindre anetavler i den store anetavla. Desse mini-anetavlene har start på alle anekodar frå 3 til 31.

 

Overskriftene i desse minitavlene startar då med slektskodar frå 6 til 62, og dei er slektsnamn (familienamn) og er dei same frå generasjon til generasjon.