Om utvalet i slektsbanken

”Sysso e da å sysso gaor da, somme mysse da og somme faor da”.

Dette er ei herme frå Hardanger som så ofte er sannsagd i livet. Og diverre må det bli slik med dei som går inn i Slektbanken og: Sume misser det og sume får det. Det kjem seg av at samla slektsbank er summen av skreddarsydde slekter. Dei heldige søkjarar i slektsbanken blir rimeleg nok eit lite fåtal, dei uheldige eit stort fleirtal. Annleis kan det ikkje vera.

Alle slekter i banken, anten du no finn dei i anetavler eller i stamtavler, er skreddarsydde: Dei er skrivne for ætlingane (born) som står først i anetavla (førslekts-lista) eller for det foreldreparet som står først i stamtavla (etterslekts-lista). Nokon annan måte er vanskeleg å tenkja seg.

Mi slektsgransking starta naturleg nok med eiga slekt, skreddarsydd anetavle for meg og mine. Men det vart ikkje berre med det. Eg tok etter kvart til å skriva anetavler for alle bruk på garden Kyvik, Stord. Då det var gjort, gjekk eg i gang med anetavler for alle bruk på alle matrikulerte gardar i Stord kommune. Eg har såleis på systematisk vis fått med meg det meste av anetavler for denne kommunen.

Det same skjedde med delar av Kvinnherad kommune, med soknene Ølve og Hatlestrand.

Eg var oppteken av mi eiga slekt, då mine slektsrøter oppi dagen fullt og heilt er å finna i desse soknene. Djupare nede er røtene meir vidsveimde, og eg måtte grava i sokner i andre kommunar.

Så langt kan eg seia at utvalet til anetavlene er systematisk. Men så langt komen var det òg at ideen om ein regional slektsbank slo meg for alvor.

Det slåande var at slekter var i slekt i mykje større grad enn eg hadde tenkt meg, og mykje meir slik di fleire eldre generasjonar som kom med i anetavlene.

Me tenkjer at slekter er lokale. Dei er i før-moderne tid med dårleg kommunikasjon knytte til nære bygdelag. Det var det god grunn til å venta, meinte me å vita. Men det me tenkte mindre på, var at slekter over tid og generasjonar i ikkje liten grad kunne vera regionale.

Den informasjon som låg i mine anetavler så langt, og den informasjon eg etter kvart fekk, bygd på bygdebøker frå mange ikkje-nære kommunar, gjorde det interessant å skriva ut anetavler for ein større region. Ein slik region såg ut til å samla seg om Hardangerfjorden (Bømla-fjorden inkludert), frå ytst mot havet til inst i fjordane.

Dette måtte då bli ei slektsgransking med målsetjing langt ut over det ein tradisjonelt legg i omgrepet. Slekts-gransking blir her ”slekt-i-slekt”-gransking innanfor eit topografisk landskap som kan tilseia at ein òg har med eit genealogisk landskap å gjera. Ei slik målsetjing er berre delvis oppnåeleg.

Men det går an å koma eit stykke på veg. Difor sette eg i gang med eit utvida prosjekt, og eg er komen så langt at eg ser at ideen om ein regional slektsbank fungerer tolleg godt når uskrivne slekter frå regionen skal skrivast. Dette har eg alt prøvt ut i lengre tid all den stund eg stadig har skrive ut nye anetavler ved å gå inn i Slektsbanken, summen av alle skreddarsydde slekter, og ved å søkja der etter personar som eg jaktar på.

Systematisk utval kunne ikkje koma på tale i det vidare prosjektet i kommunar
i utkanten av dei sentrale kommunane Stord og Kvinnherad (soknene Ølve og Hatlestrand). I utkant-kommunane måtte utvalsmåten bli vilkårleg (viljesvald, etter eige godtykke) og tilfeldig (med den meining ordet har i folkeleg tale).

I den første fase av Slektsbankens historie vart anetavler frå mi eiga slekt føretrekt og, i ettertid sett, over-representert. Personleg kjennskap og venskap har også i denne fasen i rik mon styrt valet. ”Kjentfolk” i bygdene låg og lagleg til. Dette peikar då i retning skeivt utval.

Men det må og seiast at ein god del av anetavlene er komne til ved at ukjende for meg har meldt seg med si interesse og med det dei visste om slekt og slekter, og eg har bite på og skrive ut lister som elles ikkje ville ha kome med. Det skeive i første fase av Slektsbanken er samla vorte mindre skakt, trur eg.

Men når alt kjem til alt, er det vanskeleg å sjå at vitskaplege utvalsmetodar i det heile kan hjelpa oss i tankar om korleis ein slektsbank bør byggjast opp. Det som er tingen, er å få skrive ut flest mogleg av dei moglege anetavler som kan skrivast ut i ein ”genealogisk region”, som til dømes, slik eg trur, regionen ”Hardangerfjorden rundt”. Di fleire anetavler utskrivne heimehøyrande i regionen, di større slektsbank, og di større sjanse for at ikkje-skrivne anetavler kan byggjast og skrivast med dei opplysningane som kan hentast i slektsbanken.

I denne samanhengen kan det vera nyttig å minna om at skilnad i folketal i nær fortid og notid, lat oss seia eit spenn på nært 400 år (1600-2000), har vore stor. I ein genealogisk region vil dette seia at rekrutteringsgrunnlaget for 400 år sidan for etterkomande slekter var lite, medan talet på ætlingar i notid er stort, og dei er nøydde til å dela på dei få anane som var til i førtid.

Når folk i notid i ikkje liten grad har dei same anane i førtid, då er det mange i no som meir eller mindre er i slekt.

Omgrepet slektsgransking i profesjonell meining har hatt det i seg at me i det minste skal gå til kjeldene for å finna opplysningar om slekt.

Med kjeldene forstår me førstehands kjelder, svært ofte offisielle dokument, kyrkjebøker og folketeljingar til dømes. Eg reknar med at dette er eit grunnleggjande krav til alle forfattarar av bygdebøker. Går ein til førstehands kjelder, som ofte er svært gamle, må forfattarane òg kunna lesa gotisk skrift.

I siste mannsalder har det kome så mange bygdebøker at godt som alle sokner i større regionar kan vera hjelpne. For regionen Sunnhordland er det vel slik at det berre er tidlegare Austre-Vikebygd som ikkje er dekt.

For den genealogiske regionen eg har kalla den «Hardanger-Sunnhordlandske» finst no bygdebøker for alle kommunar. Det same gjeld noverande Fusa kommune med dei tidlegare kommunane Fusa, Strandvik, Hålandsdalen. Eg tek Fusa med fordi eg finn genealogisk grunnlag i bygdebøkene for å utvida regionen i denne nordlege retningen.

Me har såleis i denne store regionen, i alle bygdebøkene som her finst, ei mengd med opplysningar som går på genealogi. Opplysningane ligg der og ber om hjelp til å bli samla, sorterte og sytematiserte i store slekter.

Men så var det dette med kjeldene, førstehands og andrehands: Det skulle ikkje vera nødvendig alltid å gå til førstehands kjelder når slekt skal finnast, samlast og systematiserast.

Ideen om ein Slektsbank, slik eg har skissert han, ville vera godt som uoverkommeleg om eg skulle måtta gå til primær-kjeldene. Tanken kan neppe realiserst utan å gå til slekts-opplysningar som alt er henta frå førstehands kjelder. Slike opplysningar reknar eg med at me har i alle kommunale bygdebøker og andre seriøse publikasjonar, som til dømes i Erik Bakkevigs «Sunnhordlandsslekter».

Opplysningar i slektslister bygde på andrehands kjelder kan sjølvsagt ikkje brukast som eit folkeregister. Offisielle personopplysningar må hentast andre stader.

Tradisjonell slektsgransking i førstehands kjelder og utradisjonell i andrehands.