Søkjetips til Slektsbanken

Kva skriv eg i søkjefeltet?

Ein søkjestreng i Slektsbanken vil vera eitt eller fleire namn med/eller utan årstal. Strengen skriv du inn i søkjefeltet.

Døme på avmerkte mindre samanhengjande strenger :

Tenkt største søkjestreng:
Andreas Teodorsson Bakarhaugen 1853-1927

(Andreas Teodorsson)  Bakarhaugen 1853-1927

Andreas (Teodorsson Bakarhaugen) 1853-1927

(Andreas Teo)dorsson Bakarhaugen 1853-1927

Andreas Teodorsson Bakarhaugen (1853-1927)

Altså: Kreativt forminska søkjestrenger kan vera lurt å prøva.

 

  • Søkjer eg på same måte i anetavler og stamtavler?

Dei aktuelle fullstendige søkjestrengene i Slektsbanken har noko ulike former i dei to tavletypane: Anetavler og Stamtavler. Dei skal du leggja merke til. Dette gjeld måten personane vert namngjevne på i dei to typane:

Anetavler

Førenamn/  …son eller …dtr/  etternamn/ årstal f-d

Dette mønsteret gjeld både far og mor

Døme:

8 Ola Samsonsson BELT (1816-1872) g2 1848
9 Anna Nilsdtr Ø-Humlevik (1822-1911)

Lygre-Hjartåker, Strv

10 Johannes Johannesson Lygre-HJARTÅKER 1843 g1 1868
11 Kari Torbjørnsdtr Hjartåker (1848-185)

Humlevik

12 Gregorius Johannesson Teigland (1801-1868) g 1829
13 Brita Johannesdtr Gripne (1806-1893)

Flatøy

14 Peder Jonsson Vevatna-FLATØY (1823-1894) g 1857
15 Anna Simonsdtr Malkenes (1834-1907)

Stamtavler

Far og Mor:

Førenamn/(etternamn/årstal)/ f-d/ g/ årstal/førenamn/ …son eller dtr etternamn/ årstal f-d

Born:

Førenamn/etternamn/årstal f-d  (g årstal førenamn ektemakes

I stamtavlene er det ikkje nødvendig å ha med fars førenamn /-son, -dtr/ i listeføring av born. Det namnet står på foreldre-linja./

Døme:

4421 Kristina Gangdal 1866 g 1889 Nils Tørresson GROTNES, Kysnes, Jondal 1864
44211 Tørres Grotnes 1890 g 1916 Anna Jansdtr Dysvik, Strb 1884/
44212 Ivar Grotnes 1891 g 1939 Borghild Sevre/
44213 Brita Helena Grotnes 1893-1916/
44214 Kristian Grotnes 1895 d f 1918/
44215 Tobias Grotnes 1896 g Ragnhild Gjerald, b Odda/
44216 Kristina Nilsina Grotnes 1899 g Lorents Myhr, Bergen/
44217 Johanna Sofia Grotnes 1903 g Andreas Halvorsen, Ryfylke/
44218 Sigurd Grotnes 1905/
44219 Herborg Maria Grotnes 1907 g Kristen Eide, Odda/
4421A Guro Serina Grotnes 1909/