Bli med på Sommarles!

Logg deg inn og registrer bøker du les i sommar.

Sommarles.noSnart er ein digital lesekampanje. Saman med barn frå over heile landet, kan alle barn i i 1. – 7. klasse i Stord og Fitjar kommune, frå 1. juni til 31. august, vere med på Noregs kulaste lesekampanje! Sommarles bruker element frå digitale spel for å motivere til lesing. Forsking frå England og USA* viser at barn som ikkje les i løpet av sommaren, misser inntil tre månader lesekompetanse, mens barn som deltar på lesekonkurransar, taper minimalt.

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 130 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Alle barna som deltek blir invitert til ein fin sommarlesfest i september,

Fredag 25.september Kl. 18 Fitjar folkebibliotek
Laurdag 26.september Kl.12 Stord folkebibliotek

Sjølve Mari Moen Holsve kjem til sommarlesfesten, ho som står bak sommarlesforteljinga om Astrid og Asbjørn.

Heile 64,4% av barna i Fitjar deltok på sommarles i fjor. Stord har hatt god deltaking mange år på rad. Her var nærare 40% av barna med i 2019. Begge biblioteka håpar på deltakarrekord i år!

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

–  Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

– Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS.

https://www.sommarles.no/

 

Kontaktperson:

Kristine Thorkildsen

kristine.thorkildsen@stord.kommune.no

Stord kommune
Mobil: +47 97552099
Direkte: +47 53 49 69 72