Anders Totland les frå boka «Engel i snøen» for 8.trinnet

Aktuelt   

Tysdag og onsdag denne veka, reiser Anders Totland rundt med ungdomsboka si: «Engel i snøen» til alle på 8.trinn i Stord kommune. Turneen er sponsa av Den kulturelle skulesekk. Det er den fyrste ungdomsboka frå han, men mest sannsynleg ikkje den siste.

Anders er utdanna kokk og samfunnsvitar. No jobbar han heiltid i avisa Sunnhordland som journalist.

Når han les frå boka si så spelar han piano til også. Stord folkebibliotek fekk vere med på Nysæter, der ungdomane var god på å stilla spørsmål om boka.