Bibliotekarrangement i skular og institusjonar

Aktuelt   

Folkebiblioteket er involvert i litteraturformidling utanfor biblioteket sine eigne vegger.

Dei siste dagane har biblioteket hatt arrangement med musikaren og songaren Atle Hansen frå Stord i dei kommunale eldreinstitusjonane.  For 3. klassane ved Stord vidaregåande skule har biblioteket hatt eit program med VG-journalisten Monica Flatabø.

Atle Hansen Foto: Samlaget

Atle Hansen song og fortalde med Vestlandet og reiser til sjøs som utgangspunkt.  I alt hadde han 4 arrangement fordelt på institusjonane, og  programmet såg ut til å falle i smak.

Monica Flatabø snakka om innhaldet i boka si frå 2017 En sånn jente. Dette er ei bok om  eit alvorleg tema, nemleg valdtekt. Monica Flatabø er ein dyktig formidlar. Ho inviterte til engasjement og spørsmål.

Det er tilskot frå Den kulturelle spaserstokken som gjer det råd å gå ut med program i eldreinstitusjonane. Fitjar og Stord folkebibliotek har saman søkt om tilskot til ulike ungdomsarrangement. Av den grunn har vi hatt besøk av Monica Flatabø i dei vidaregåande skulane  både i Fitjar og Stord.