Høtt sa du?

Høtt sa du?

Aktuelt   

Deltakarane

Denne gongen er det dialektekspertane Arne Torp og Tor Erik Jenstad, kulturminister Trine Skei Grande og fylkesmann i Hedmark, Sigbjørn Johnsen som skal konkurrere med kvarandre og publikum. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar.

Følg arrangementet direkte

Gå inn her viss du vil sjå arrangementet, eller søk det opp i Nasjonalbiblioteket si oversikt over arrangement. Her kan du lese ei nærare omtale av Høtt sa du?

 

Strøyma arrangement frå Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har eit interessant program med hyppige arrangement. Mange av dei vert strøyma, slik at det er mogleg å få med seg mykje sjølv om ein ikkje er i Oslo.

Du finn oversikt over arrangementa på Nasjonalbiblioteket sin nettstad. Eit stykke ned på sida kan du melde deg på nyheitsbrevet deira om du vil få med deg kva som skal skje framover.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek