Hans-Magne Eikeland til minne

Hans-Magne Eikeland til minne

Aktuelt   

Det er med vemod og sorg Stord folkebibliotek og dei bibliotektilsette registrerer at Hans-Magne Eikeland døydde måndag 1.april.

Han er opphavsmann til Slektsbanken for Sunnhordland og Hardanger. Innsamling og systematisering av slektsopplysningar var eit arbeid han tok til med etter at han blei pensjonert som professor frå Universitetet i Bergen i 1993.

Ei hovudkjelde for han var dei mange bygdebøkene som finst for Sunnhordland, Hardanger og andre nærliggjande kommunar. Til å byrje med var anetavlene(førslektslistene) og stamtavlene(etterslektlistene) oppbygde i manuelle registre.

Etter kvart blei dei digitalisert. Hans-Magne Eikeland kom tidleg i kontakt med dåverande kultursjef Jakob Gullberg. Kulturkontoret og biblioteket kom etter kvart med i samarbeidet med omsyn til å ta vare på materialet, og gjere det kjent.

Hans-Magne Eikeland og kona Johanna ga ein større pengesum til biblioteket som m.a. er nytta til å gjere søkjefunksjonen i slektsbanken betre og raskare. Denne nye versjonen av Slektsbanken vil bli gjort tilgjengeleg i byrjinga av mai i år.

Hans-Magne Eikeland er fødd i 1925. Han vaks opp i Kyvik på Stord og hadde slektsrøter frå Hatlestrand og Ølve i Kvinnherad.

Stord folkebibliotek har hatt eit godt samarbeid med Hans-Magne i mange år, og han var ein triveleg og sosial person. Han og kona Johanna hadde ein gjestfri heim som det også var triveleg å besøke når me skulle samarbeide om tema som hadde med Slektsbanken å gjere.

 

Bjørnar Withbro

Biblioteksjef

Stord folkebibliotek