No kan du låna kornotar på biblioteket

No kan du låna kornotar på biblioteket

Aktuelt   

Stordkoret si notesamling har inntatt kjellaren i Stord kulturhus og er no ferdig katalogisert og søkbar i biblioteket sin katalog. Interesserte kan no ta kontakt med biblioteket i skranken for å kikka og deretter låna eller sitja heime for å tinga frå heimesida vår.

Stord folkebibliotek fekk for to år sidan ei stor notesamling frå Stordkoret i gåve.

-Det var ein stor jobb å halda orden på notesamlinga for Stordkoret. Difor tilbydde styret i Stordkoret Stord kommune samlinga, i håp om at Stord folkebibliotek kunne gjera dette, fortel initiativtakar til gåva og tidlegare dirigent i Stordkoret, Roald Sangolt.

Dugnad blei organisert og noter og arkivskap kom til biblioteket sin kjellar. Det er ei stor notesamling som biblioteket har motteke, og difor blei me ekstra glade for at Roald tok kontakt igjen og tilbydde seg å hjelpa oss med å katalogisera samlinga.

-Det som er ekstra kjekt er at det er blitt teke vare på den same arkivnøkkelen, som Stordkoret har hatt. Og no er dette lagt inn også digitalt her i biblioteket sitt datasystem, seier Sangolt engasjert.

I eit halvt år med arbeidsdagar to dagar i veka har han katalogisert samlinga, som har 600 titlar. Det finst alt i frå eit til 100 eksempar av kvar tittel. Det aller meste er notar for blanda kor med stemmer for sopran, alt, tenor og bass. Resten er notar for mannskor og barnekor. Det er noter for a capella og noter for kor akkompagnert av orgel, piano eller orkester.

-Finst det tilsvarande samlingar i Noreg?

–Eg tvilar på at det er andre kommunar bortsett frå Bergen og Oslo som har ei så stor notesamling, påpeiker Sangolt og legg til: – Eg håpar mange vil sjekka ut kva som finst i samlinga. Det som er så fint er at dette er heilt gratis.

Roald Sangolt har også nokre perler og fleire tips om det som finst i notesamlinga: Større verk som «Juleoratoriet» av Johan Sebastian Bach og «Requiem» av Wolfgang Amadeus Mozart. Handskrivne noter finst også, blant anna arrangement med folketonar som tidlegare organist Otto Bakke har laga.

-Det er moro at det er tekne var på. Særleg lokale arrangement som «Herlege Stordøy» og Emil Moes «Fitjar-tango», seier Sangolt oppglødd.

Roald med hjarte for notebank. Den tidlegare dirigenten for Stordkoret og tidlegare rektor i Stord kulturskule og Bergen kulturskule, Roald Sangolt har frivillig katalogisert notesamlinga.