#KRIG & FRED

#KRIG & FRED

Aktuelt   

Tilskot frå Fritt ord.

Stord folkebibliotek har søkt og fått eit tilskot til bruk i 2020 knytt til

prosjektet #Krig & fred. Biblioteket har fått kr. 60 000 i tilskot til litteratursamtalar i

biblioteket og samarrangement m. a. med Høgskulen på Vestlandet.

Me ønskjer å få fram ulike  perspektiv på krig, konflikt og fred frå 2. verdskrigen til  den

norske deltakinga i krigen i Afghanistan. Prosjektet vil ta utgangspunkt i nyare

samtidslitteratur som tek opp aktuelle problemstillingar både for ungdom, studentar og

vaksne. Biblioteket ynskjer å invitera forfattarar av både sakprosabøker og

skjønnlitterære bøker om emnet krig og fred.

 

Mellom dei emna som er tenkt teke opp, er ulike sider av tysk propaganda under 2.

verdskrigen med forfattarføredrag og framsyning av film. Dessutan om krigen i

Afghanistan i litteraturen. Eit seminar om barn i krig og flukt i nyare barne- og

Ungdomslitteratur, står også på programmet.

 

Stord folkebibliotek vil samarbeide m.a. med HVL , Framtida.no., Stord   filmklubb og

Den kulturelle skulesekken, Stord om gjennomføringa av opplegget.