Podcast nr. 1 – 2020 Fikseglede med Kathrine Gregersen

Aktuelt   

Tips til korleis du enkelt kan gi kleda lengre liv.

Her kan du høyra podcasten:Fikseglede

Litt om arrangementet (arrangert 18.2.20 på Stord folkebibliotek)

Kathrine Gregersen (f. Anderssen, 1975) er oppvaksen på Leirvik, men er i dag busett i Kristiansand.

Kathrine er utdanna faglærar i kunst og handverk, har arbeida i mange år i Nøstebarn og er i dag tilsett i Norges Husflidslag. Ho er opptatt av ombruknog kreativ reparasjon av kler. Gregersen har gitt ut boka Strikk til nøstebarn, Brukt på nytt og Strikk meir til nøstebarn.

Bruk på nytt
– og på nytt

Kathrine vil fortelje om motivasjonen for å ta vare på kler og kome inn på nokre av utfordringane rundt vårt høge tekstilforbruk. Kunnskap om kvalitet og teknikkar for å ta vare på er i dag igjen viktig.

Kathrine viser mange modellar til inspirasjon og snakkar litt om kva teknikkar og materialar som er eigna. Her får me mange tips til korleis me med enkle grep og med lite utstyr kan gi plagg nytt liv på ein kreativ og ny måte.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stord husflidslag og Stord folkebibliotek.