Buffy By er talentfull

Buffy By er talentfull

Aktuelt   

I boka Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola møter du ei ny Pippi Langstrømpe! Buffy By er både ei oppfinnsam jente og har stå-på-vilje både i motbakkar og i utforbakkar. Ho er ei fattig jente som bur med bror og mor. Dei spis rosenkål både til middagar og i matpakkar.

Ein dag får ho i oppgåve frå læraren om å skriva ei sjølvbiografi, men kva skal ho eigentleg skrive om når ho sjølv synest ho ikkje får til noko?

Plutseleg ein dag ser ho at det blir arrangert eit gratiskurs i slalåm i vinterferien og livet endrar seg.

Denne boka må du berre lesa! Ho er både hjartevarm med tema som samhald og lojalitet i familien og klarar også kunststykket å lage morosame situasjonar. Illustrasjonane i boka viser Buffy By med eit strålande humør. Boka har vunne fleire prisar.

Denne boka passar for mellomtrinnet og alle som elska Pippi Langstrømpe som barn. Du kan søke på boka her eller i appen BookBites.