Nana og jordskipet

Nana og jordskipet

Aktuelt   

Har du nokon gong lurt på korleis det er å vera inni jorda indre?

Boka Nana og jordskipet av Helge Rushfeldt er fantastisk på fleire måtar. Ho er krydra med science fiction, spektakulære bilde, er lettlesen og har ei ung heltinne som legg ut på ei reise for å redde far sin. Ei reise gjennom jorda må til! Ho får hjelp av superoppfinnar-onkelen sin, som tilfeldigvis har eit jordskip nesten ferdig laga i laboratoriet sitt, men med hjelp av nokre robotar så blir den ferdig på null-komma-svitsj og reisa kan starte. Undervegs møter ho på mange farar og utfordringar. Heilt bakarst i boka finn du ei flott illustrasjon av det kule jordskipet og til og med ei ordliste der du kan lære masse om materie, jordskjelv og tsunami.

Dette er science fiction for mellomtrinnet. Du finn denne moderne Jules Verne-inspirerte boka i katalogen vår. Søk her