Biblioteket minner om noteutlån

Biblioteket minner om noteutlån

Aktuelt   

Roald Sangolt har systematisert og registrert ei større notesamling som biblioteket i si tid fekk som gåve frå Stordkoret. Samlinga er det mogleg å søkje på i biblioteket sin katalog på komponist og tittel. Kor og andre er velkomne til å låne notar frå samlinga. I samlinga er det er vesentleg notar til bruk for blandakor, men også notar for mannskor.

Roald Sangolt har tidlegare vore rektor ved musikkskulane i Stord og Bergen, og har lang røynsle som dirigent.

Det er litt variabelt kor mange notar biblioteket har av det einskilde verket. Lånarar har ikkje høve til å kopiere opp fleire eksemplar av notane.

Ta kontakt med biblioteket.