Dette skjer på biblioteket i haust

Dette skjer på biblioteket i haust

Aktuelt   

Med god hjelp frå samarbeidspartnarar kjem biblioteket i gong med ulike arrangement ut over hausten. Her er eit utval av arrangementa:

Tysdag 22. september kl. 19.00 kjem Einar Økland til biblioteket med eit foredrag om tysk fredspropaganda i krigens Noreg, 1940-45, Norwegen, schönes Land. Samstundes vil han opne ei utstilling av materiale han har samla om temaet. Dette arrangementet er eit samarbeid med Stord filmklubb som same kveld vil vise filmen Kampf um Norwegen.

 

Mange barn har i sommar vore flittige i kampanjen Sommarles. På sommarlesfesten blir det is, filmsnutt med Sommarles-forfattaren, Mari Moen Holsve, BlimE-dansen og besøk av ordføraren.

Du finn lenkje på nettsida vår og Facebook for påmelding: stordbibliotek.hoopla.no /50 plassar pr. framsyning (Fritt tilgjenge)

 

 

Onsdag 7. oktober kl. 18.00 har biblioteket eit foredrag ved Per Magne Aadnanes om «Religion, kristendom og kyrkje i ei etterkristen tid. Strøtanker om livssyn, religiøsitet og kyrkjeliv i seinmoderniteten.» Dette er eit arrangement Stord kyrkjeakademi har saman med biblioteket. Magne Ådnanes er tidlegare professor ved Høgskolen i Volda.

Torsdag 15. oktober kl. 19.00 har Stord husflidslag og biblioteket gått saman om eit arrangement med Morten Wanvik kjend frå symesterskapet. Tema for arrangementet vil vere redesign av klede.

 

Frå onsdag 21. oktober kjem biblioteket i gong att med språkkafé som Internasjonal Kulturklubb arrangerer i biblioteket. I alt vert det språkkafé 4 gongar i haust.

 

 

I Falturiltuveka får biblioteket vitjing av forfattarane Hilde Myklebust, Ruth Lillegraven og Randi Fuglehaug. Hilde Myklebust kjem på Bok & Bolle – Falturiltu. Randi Fuglehaug på ein vaksenbokkveld. Miljøagentane står for arrangementet med Ruth Lillegraven.

Elles vert det i haust arrangert Girl Tech Fest for jentene på 5.trinn frå Tjødnalio skule i biblioteket. Her er jenter og teknologi  i fokus. Teknologi og møte mellom barn frå ulike kulturar er elles tema for arrangementsserien Rom for møter i biblioteket.