Meirope bibliotek er ope att!

Meirope bibliotek er ope att!

Aktuelt   

Meirope opnar igjen 12. oktober 2020.. Meirope er eit fantastisk godt tilbod som gjer det enklare å bruke biblioteket når det passar deg. Du vil få tilgong til biblioteket også i ubetente opningstider. Kvar dag heile året . Kom innom biblioteket i betjente opningstider og få oppgradert bibliotekkortet ditt. Tilbodet er gratis.

Tilbodet gjeld for alle over 18 år. Skriv kontrakt og oppgrader bibliotekkortet ditt og du kan bruke biblioteket kvar dag heile året.

Korleis? Skriv under på kontrakten og lever til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betjent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode. Samstundes vert det teke bilete av deg. Alle lån og innleveringar gjer du på automaten.

NB: Du kan ikkje låse inn andre enn deg sjølv. (med unntak av eigen barn)

Merk: Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å kome i den betente opningstida.

Merk: Det er video-overvaking i lokalet.