
Om dette arrangementet
Tid
19:00 - 20:15
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe
Lev meir med medvitne val – eit inspirasjonsføredrag for berekraftig privatøkonomi
Då vesle Mons kom til verda, stilte Christina og Lars seg spørsmålet: Skal me tre verkeleg berre få to vakne timar saman i døgnet? Så snudde dei livsstilen på hovudet.
Bli med på eit foredrag om den økonomiske reisa til ein familie. Korleis kan ein gå frå null kontroll til full kontroll på økonomien? Veit du den ekte verdien av tida di? Korleis kan ein bruka økonomi som eit verktøy for å oppnå draumane sine?
Berekraftsvekene på Stord, Lønning Lutlandbruk og Stord folkebibliotek inviterer til ein spennande kveld med Christina og Lars frå @langhelghverhelg som deler sine beste tips for å bygga og vedlikehalda ein berekraftig privatøkonomi.