På bilde: Leif Erik Otterå

Om dette arrangementet

Tid
17:00 - 18:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Draumen om ein flat åker

Leif Erik Otterå kjem til Stord folkebibliotek for å snakka om boka si «Draumen om ein flat åker».

I perioden frå 1825 til 1920 emigrerte nær 800 000 nordmenn til Amerika. Odelsguten Martinus vaks opp på Brekke sør på Huftarøy saman med far, stemor, halvsøsken og besteforeldre. Handlinga tek til i 1845, året før Martinus blei fødd, og går fram til 1873 og den dramatiske reisa til Amerika. Martinus var ein av 302 passasjerar på barken «Valkyrien» som to gonger var nær å forlise. Dramatikk var det òg i livet til Martinus før han reiste, i kvardag og kjærleik, som sildefiskar og kyrkjebyggjar.

Dette er ei forteljing om ein familie frå Sunnhordland og ei amerikareise. Forteljinga er òg eit stykke noregshistorie som går langt utanfor bygda og landet sine grenser.

"Språket er så leikande lett at det er ein fryd å lesa." - Lesar i Fitjar

"Eg vart heilt med i handlinga då eg las. Du har gjort ein stor jobb med research, og lukkast svært godt med skildringa av livet på våre kantar i den aktuelle perioden." - Lokalhistorikar i Fitjar